Liu Dong (fødd 24. desember 1973) er ein kinesisk tidlegare mellomdistanseløpar som i 1993 vart verdsmeister på 1500-meter i Stuttgart.

Liu Dong
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 24. desember 1973 (50 år)
Liaoning
Idrett friidrett

Liu Dong vart i 1992 juniorverdsmeister på 1500-meter. I mai 1993 vart ho nummer to på distansen i austasiameisterskapen, klart slått av landskvinna Qu Yunxia. Tre månader seinare vann Liu ein suveren siger på 1500-meter ved verdsmeisterskapen i Stuttgart, med tida 4.00,5 kom ho i mål nesten tre sekundar føre sølvvinnaren, irske Sonia O’Sullivan. Eit par veker etterpå, den 9. september, sette Liu asiarekord på 800-meter med 1.55,54 i eit løp i Beijing.

Liu Dong deltok ikkje i tevlingar i 1994 og 1995, då ho kom på kant med trenaren. Ho kom tilbake på friidrettsbana og sette med 3.56,3 personleg rekord på 1500-meter i Shanghai den 17. oktober 1997.

Ho er gift og busett i Spania.

Kjelder endre