One World
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve November 1977
Innspelt Woolwich Green Farm
Sjanger Folkrock, folkjazz, reggaerock
Lengd 38:38
Selskap Island
Produsent Chris Blackwell
John Martyn-kronologi 
Sunday's Child
(1975)
One World Grace and Danger
(1980)


One World er det niande studioalbumet til John Martyn, gjeve ut i november 1977. Det var eit av dei meir eksperimentelle verka hans med atmosfæriske, reaggeaktige og frittflytande, jazza arrangement. Albumet vert av mange rekna som det definitive John Martyn-albumet.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

Bakgrunn endre

Etter at Martyn gav ut det førre albumet for Island Records, Sunday's Child, i januar 1975, turnerte Martyn med eit band som bestod av den gamle venen Danny Thompson på bass, Jon Stevens på trommer og den tidlegare Free-gitaristen Paul Kossoff, som sleit med eit alvorleg alkohol- og dopmisbruk. Det vart gjeve ut eit konsertalbum frå turneen, Live at Leeds, som Martyn og kona Beverley selde via postordre. Dei tok seg òg av Kossoff i eit forsøk på å hjelpe han ut av problema. I mars 1976 døydde Kossoff, noko som gjekk hardt inn på Martyn, som sjølv levde eit hardt liv på denne tida.[2] Martyn trengde ein pause og drog på ein lang ferie til Jamaica med sjefen i plateselskapet, Chris Blackwell.

På Jamaica oppdaga Martyn det lokale musikkmiljøet i Kingston og ein av dei mest fargerike personane der, produsenten og låtskrivaren Lee «Scratch» Perry. Både Martyn og Perry brukte rytmeboksar og Echoplex-maskinar for å skape ekkoeffektar. Perry brukte dette til å skape dub. Martyn brukte å henge i studioet Black Ark og spelte der med fleire artistar, som Burning Spear på albumet Man in the Hills.

Då Martyn kom heim att byrja å han å spele inn demoversjonar av songane som utgjorde One World heime i Hastings. Han sendte demoane til Blackwell som var produsent på plata.[2]

Innspeling endre

Musikarane som Blackwell henta til innspelinga vart som ei undergrunns supergruppe med medlemmar og tidlegare medlemmar frå Traffic, Gong, Gilgamesh, Brand X, Jon Stevens' Away, Fairport Convention og Pentangle.

Blackwell valde òg å spele inn albumet i heimen hans på landsbygda, Woolwich Green Farm i Theale i Berkshire. Garden låg på ei lita halvøy i ein innsjø. Phill Brown vart hyrt inn som lydteknikar. Han hadde jobba i Island Records, men slutta for å bli frilansar. Brown hadde utvikla teknikkar for å gjere utandørsinnspelingar, mellom anna med Robert Palmer på albumet Pressure Drop og dette var noko Blackwell ønskte å teste ut på dei nye songane til Martyn. Brown sette opp eit intrikat system som gjorde at dei kunne gjere innspelingane i friluft. Alt vart sendt gjennom eit PA-system over innsjøen med mikrofonar sett opp på andre sida av breidda, noko som skapte ein unik atmosfære.[2] Innspelingane gjekk føre seg på natta, dels for å unngå støy frå fly og bilar.[2]

Songane på albumet var dels planlagde songar som raskt vart spelt inn, som «Certain Surprise» og «Dealer», og songar som «One World» og «Small Hours», som var baserte på lange improvisasjonar. Lee Perry, som var i Storbritannia for å spele inn Punky Reggae Party med Bob Marley, var med på ein av dei mest kjende songane på albumet, «Big Muff». Denne og «Smiling Stranger» er begge dub-prega med mykje Echoplex-effekt.[2]

Avslutningssporet «Small Hours» er likevel ofte den som er trekt fram som høgdepunktet på albumet.[2] Han er det beste dømet på innspelingsteknikken som vart nytta på albumet. Martyn sa: «Eg veit ikkje kven som kom på ideen. Eg hugsar eg syntest det var fantastisk å gjere innspelinga frå ein høgtalar ein halv kilometer på andre sida av vatnet.» Blackwell sa «Han vart spelt inn kl. 03 på natta ved innsjøen. Hovudjernbanelinja frå London til Bristol går over landet her, og der var mange gjæser på innsjøen, som du kan høyre om natta. John spelte desse langsame akkordane som hang der i evigheiter.» Ein kan høyre både gjæsene og lyden av vatnet som skvalpar. Venen til Martyn og musikaren Ralph McTell sa om songen: «Om denne songen ikkje rører deg, er det noko gale med deg. Han er absolutt utsøkt. Det er ein hymne til natta: tankefull, mørk, eksperimentell og aldeles vakker».

«Small Hours» vart sidan omarbeidd av Martyn til songen «Anna» for Esben Storm-filmen In Search of Anna i 1978.[3] Denne versjonen av «Anna» finst på konsertalbumet Live At The Bottom Line, New York, 1983.

Etter innspelingane i Theale tok Blackwell med seg lydbanda til studioet til Island i Basing Street. Den einaste singelen på albumet «Dancing» som kom ut i februar 1978 med «Dealer» som B-side. Den dåverande rytmeseksjonen i Fairport Convention, Dave Pegg og Bruce Rowlands la på ekstra lydspor på denne songen.

Martyn spelte seinare inn den akustiske balladen «Couldn't Love You More» i eit rockerrangement for albumet Glorious Fool i 1981. Songen har i forskjellige former vore fast på konsertane til Martyn. Den irske musikaren Lisa Hannigan har skildra songen som ein av favorittane hennar.

Utgjeving endre

Albumet kom ut i november 1977 med eit blåfarga plateomslag designa av Tony Wright med ei havfrue som kjem opp av sjøen i ein perfekt boge.

Medan Martyn var på turné og spelte på Collegiate Theatre i University College London, vart han filma av BBC og sendt på The Old Grey Whistle Test den 10. januar 1978.[4] I januar 1978 gav Island Records ut «Dancing» med B-sida «Dealer» på singel. Albumet nådde 54. plassen på den britiske albumlista då det kom ut.

I 2004 vart ei ommastra luksusutgåve av albumet gjeven ut. Det bestod av den amerikanske miksen av originalalbumet i ommastra form og ei bonusplate med konsertopptak som ikkje var gjevne ut før frå ein sommaren 1978 i Regents Park.[5] Andre bonusspor var unytta studioopptak og tidlegare var gjevne ut på den sjeldne Another World.[6]

Mottaking endre

Samarbeida på albumet er trekt fram av kritikarane[7] der Lee Perry bidreg på «Big Muff» og Steve Winwood spelar klaverinstrument. Meldingane då albumet kom ut var positive,[8] og NME skreiv at det var «slemt, stemningsfullt og storslått».[9] Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die av Robert Dimery.[10] Då Martyn vart vald ut i artikkelen «100 Great Voices» (100 beste røyster) i Mojo vart tittelsporet på albumet valt ut som eit døme på dette.[11]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Dealer»4:58
2.«One World»4:10
3.«Smiling Stranger»3:29
4.«Big Muff» (Martyn, Lee Perry)6:30
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Couldn't Love You More»3:07
6.«Certain Surprise»3:52
7.«Dancing»3:43
8.«Small Hours»8:45
Plate to av luksusutgåva
Nr.TittelLengd
1.«Certain Surprise» (live)3:06
2.«Couldn't Love You More» (live)3:12
3.«One World» (live)5:20
4.«Dealer» (live)6:11
5.«Small Hours»7:23
6.«Black Man at Your Shoulder»5:54
7.«Dealer» (alternativ versjon 1)4:31
8.«One World» (alternativ versjon)4:06
9.«Smiling Stranger» (instrumental)4:43
10.«Big Muff» (alternativ versjon)6:47
11.«Certain Surprise» (alternativ versjon)4:48
12.«Dancing» (alternativ versjon)3:44
13.«Big Muff» (trommemaskin-versjon)4:53
14.«Dealer» (alternativ versjon 2)4:56
15.«Small Hours» (instrumental)10:20

Medverkande endre

 
På turné i Bristol i 1978
Teknisk

Kjelder endre

  1. One WorldAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 The Gentlest Circus - One World By John Martyn, 1. november 2004 
  3. «In Search of Anna (1978) principal credits on ASO - Australia's audio and visual heritage online». Aso.gov.au. Henta 9. april 2019. 
  4. «Liner Notes - Live At The BBC». John Martyn. Henta 9. april 2019. 
  5. «One World Deluxe Edition | Big Muff». Johnmartyn.info. 1. november 2004. Henta 9. april 2019. 
  6. «Introduction». John Martyn. Henta 9. april 2019. 
  7. «Music Reviews». Uncut.co.uk. Arkivert frå originalen 4. juli 2009. Henta 9. april 2019. 
  8. «1960-åra and 1970s». John Martyn. Henta 9. april 2019. 
  9. «Quote - Unquote». John Martyn. Henta 9. april 2019. 
  10. «Rocklist.net...Steve Parker...1001 Albums». Rocklistmusic.co.uk. Henta 9. april 2019. 
  11. «Rocklist.net...Mojo Lists». Rocklistmusic.co.uk. Henta 9. april 2019.