Krabbeetarsel
Krabbeetarsel (Lobodon carcinophagus eller carcinophaga) er ein selart som lever i Antarktis. Han høyrer til familien Phocidae (hårselar, «ekte selar»). Trass namnet lever dei hovudsakleg av kril.
Krabbeetarsel | |
Krabbeetarsel | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Krabbeetarsel | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Ekte selar Phocidae |
Slekt: | Lobodon |
Art: | Krabbeetarsel L. carcinophaga |
Vitskapleg namn | |
Lobodon carcinophaga |
Krabbeetarselar er slanke, lysegrå selar som blir rundt 2,5 meter lange, og veg 200-300 kg i vaksen alder. Pelsen er einsfarga. Ungdyr er gjerne noko mørkare enn eldre. Hoene er noko større enn hannane.
Tennene til selen er særskilt tilpassa kosthaldet. Dei gjer at han kan filtrere kril frå vatnet. 95 % av føda til selen er antarktisk kril (Euphausia superba). I tillegg tek han også noko fisk og blekksprut.
Dyra lever gjerne i små familiegrupper, men kan også samla seg i større flokkar. Ungane blir fødde i september–desember. Svært mange av ungane døyr i løpet av første leveåret, mange av dei som bytte for leopardsel.
Krabbeetarsel har ei sirkumpolar utbreiing, men føretrekk pakkis framfor ope hav. Dei kan koma seg kvikt fram oppå is. Dei kan også vandra til område så langt unna som New Zealand, Australia, sørkysten av Afrika og Sør-Amerika.
Ein reknar med at det finst over 7 millionar individ, kanskje opptil eller over 15 millionar krabbeetarsel. Arten er dermed ikkje rekna som truga.
Kjelder
endre- «Lobodon carcinophaga» ved iucnredlist.org. Henta 11. februar 2013.
- «krabbeetersel» i Store norske leksikon. Henta 11. februar 2013.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Krabbeetarsel» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2013.