Lochnagar eller Beinn Chìochan er eit fjell i Grampians i Skottland, om lag 8 km sør for River Dee nær Balmoral.

Lochnagar
Beinn Chìochan
Munro, marilyn
Land  Skottland
Topp Aberdeenshire
 - høgd 1 155 moh.
 - Primærfaktor ca. 670 m m
Kart
Lochnagar
56°57′36″N 3°14′41″W / 56.959930555556°N 3.2447805555556°W / 56.959930555556; -3.2447805555556
Wikimedia Commons: Lochnagar

Fjellet har ei høgd på 1155 meter over havet.

Namnet kjem frå Lochan na Gaire, som tyder «den vesle innsjøen med bråkete lydar» og er namnet på ein innsjø rett ved fjellet. Toppen har på gælisk det lite flatterande namnet Cac Càrn Beag, «liten varde av avføring». Ein brukar ofte i staden det alternative namnet Beinn Chìochan, «brystfjellet».

Det mest kjende trekket ved fjellet er ein nordvendt dalbotn. Rundt denne finn ein fleire toppar, både hovudtoppen og fleire subsidiære. Fjellet er ein munro, og er eit populært mål for fjellvandrarar. Den vanlegaste ruta til toppen er frå Glen Muick. Det er ofte dårleg sikt på toppen, og platået er farleg fordi det er vanskeleg å få overblikk over kor dei bratte klippene på nordsida startar.

Fordi fjellet er ein hekkestad for boltit har det fått status som Special Protection Area.

Referansar til fjellet endre

I nærleiken av Balmoral Castle, på sørsida av Dee, ligg eit whiskydestilleri som produserer Royal Lochnagar Single Malt.

Fjellet ligg innanfor den kongelege eigedomen Balmoral. Barnehistoria Old Man of Lochnagar, som opphavleg vart fortalt av prins Charles til dei yngre brørne hans Andrew og Edward, er lagt til Lochnager. Historia vart utgjeve i 1980, og overskotet går til The Prince's Trust.

Under første verdskrigen fekk eit enormt krater skapt av ein mineeksplosjon ved Somme namnet Lochnagar.

Lord Byron skreiv eit dikt han kalla «Lochnagar», og seinare har det vorte skrive ein song basert på dette.

Kjelder endre

56°57′36″N 3°14′41″W / 56.95993°N 3.24478°W / 56.95993; -3.24478