Loco Loco

song frå 2021 med gruppa Hurricane
«Loco Loco»
Song av Hurricane
Land Serbia
Språk Serbisk
Utgjeve 5. mars 2021
Sjanger Pop, dance
Lengd 02:56
Selskap PGP-RTS
Låtskrivar(ar) Nemanja Antonić, Darko Dimitrov, Sanja Vučić

«Loco Loco» (spansk for galen, galen) er ein serbisk popsong frå 2021 som vert framført av den serbiske jentegruppa Hurricane. Songen var det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, og vart gjeven ut 5. mars 2021.

Om songen endre

«Loco Loco» er komponert og produsert av Darko Dimitrov og Nemanja Antonić, medan Sanja Vučić har skrive teksta.[1] Songen vart sloppen for digital nedlasting og strøyming 5. mars 2021.

Eurovision Song Contest endre

Hurricane skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020 med låten «Hasta la vista», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. I staden vedtok kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS) at gruppa skulle få delta i Eurovision Song Contest i 2021 i staden.[2] Vedtaket vart kunngjort 26. januar 2021, og tittelen til songen vart avsløra 23. februar same år.[1][3] Songen vart offentleggjord 5. mars.[4][5]

Serbia deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai. Der kom den på åttendeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[6] I finalen enda songen på 15. plass med 102 poeng.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Serbia: Hurricane will sing "Loco Loco" at Eurovision 2021» (på engelsk). 22. februar 2021. Henta 23. februar 2021. 
  2. «Hurricane - Serbia - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 23. februar 2021. 
  3. «Brace yourself: Hurricane storms into Eurovision 2021» (på engelsk). 17. desember 2020. Henta 23. februar 2021. 
  4. «Hurricane blow us away with 'LOCO LOCO'» (på engelsk). 5. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  5. «Serbia: Hurricane Release Eurovision 2021 Entry "Loco Loco"» (på engelsk). 5. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  6. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021.