Loddsnor

Denne artikkelen handlar om reiskapen for å finne ein normal. For reiskapen for å måle vassdjupne, sjå loddline.

Ei loddsnor eller perpendikkel (av latin perpendiculum = lodd) er ein reiskap som viser ei loddrett linje, ei loddlinje, og som nedfeller ein normal frå eit høgdeplan til eit anna.

Loddsnor.
Loddsnor og lodd på ei norsk lærebok i landmåling frå 1896

Prinsipp og utformingEndra

Prinsippet bygger på gravitasjonen til jorda.

Prinsippet fungerer ved at eit lodd med lite volum og stor masse vert festa i enden på ei lang snor med minst mogeleg volum og masse. Enden av loddet er forma som ein spiss. Ved å feste øvre enden av snora i eit punkt, vil loddet bli trekt mot tyngdepunktet til jorda av gravitasjonskrafta. Spissen av loddet vil derfor vere eit punkt som ligg i ein nedfelt normal frå festepunktet til loddsnora mot ei horisontal vassflate, og snora vil danne ei linje i den nedfelte normalen. Denne loddlinja er ikkje identisk med normalen på den teoretiske ellipsoiden for jorda. Avviket frå denne retninga vert kalla loddavviket på staden.

I motsetning til ein vaterpass, eit optisk lodd, eller eit laser-lodd, krev loddsnora inga justering eller kalibrering for å vise riktig loddlinje. Føresetnaden er derimot at loddsnora ikkje blir påverka av ytre krefter (vind eller magnetisme).

Historie og brukEndra

Det enkle prinsippet til loddsnora trur ein har vore kjend sidan sivilisasjonen byrja og har vorte nytta til ulike konstruksjonar. Særleg i samband med bygningar, anleggskonstruksjonar og landmåling, har loddsnora vore brukt heilt opp til våre dagar, og han er framleis ein handelsvare.

Sjå ògEndra

KjelderEndra