Lodve Solholm
norsk politikar
Lodve Solholm (fødd 14. mars 1949 på Vestnes) er ein norsk politikar for FrP, og fylkesmann i Møre og Romsdal frå oktober 2009.
Lodve Solholm | |
![]() | |
Fødd | 14. mars 1949 (71 år) Vestnes |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet |
Yrke | politikar, embetsmann |
Han vart innvald på Stortinget frå Møre og Romsdal i 1989. Han var president i Lagtinget i perioden 2001-2005. Solholm vart i statsråd 19. desember 2008 utnemnd til ny fylkesmann i Møre og Romsdal, han tok over embetet Ottar Befring då stortingsperioden gjekk ut.
Solholm tok lærarskuleeksamen i 1972 og tok statsvitskap grunnfag ved Høgskolen i Molde i 1995.
Han var etatsjef for opplæring, kyrkje og kultur Ørskog kommune 1995-1997 (permisjon frå 1997).
Stortingets presidentskapEndra
- 2005–2009: 2. varapresident i Stortinget
- 2001–2005: president i Lagtinget
- 1997–2001: 2. varapresident i Stortinget
StortingskomitearEndra
- 2005–2009: leiar av Kontroll- og konstitusjonskomitéen, 1. nestleiar av Fullmaktskomiteen
- 2001–2005: medlem av Næringskomiteen, varamedlem av Den utvida utenrikskomiteen, 2. nestleder av Fullmaktskomiteen, varamedlem av Valkomiteen
- 1997–2001 nestleiar av Kommunalkomiteen, medlem av Fullmaktskomiteen
- 1989–1993 nestleiar av Samferdselskomiteen fra 11. januar 1991, medlem av Kommunal- og miljøvernkomiteen til 11. januar 1991, sekretær for Valkomiteen
Kommunalpolitisk aktivitetEndra
- Medlem Ålesund bystyre 1999–2003, 2003–2007, 2007–2011, varaordførar 2007–2011
- Medlem Ørskog kommunestyre 1977–1979, 1979–1983, medlem Ørskog formannskap 1983–1987, 1987–1989
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Lodve Solholm» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juni 2009.
.