Kaprifol
(Omdirigert frå Lonicera caprifolium)
Kaprifol, duftkaprifol eller ekte kaprifol (Lonicera caprifolium) er ein lauvfellande lian med kraftig, slyngande vekstform. Borken er først lysegrøn og glatt, seinare blir den brun og til sist lysegrå og lett fura. Knoppane sit motsett, og dei er lysegrå og utsperra. Blada spring ut i milde periodar om vinteren. Dei er elliptiske og heilranda. Oversida er frisk grøn, medan undersida er grågrøn. Blomstrane er uregelmessige med lange kronrøyr og fin duft. Yttersida er raudleg og innsida fløytekvit. Det øvste bladparet under den endestilte standen av blomstrar er samanvakse. Frukta er raude bær som er giftige. Dei modnar godt, og frøa spirer lett.
Kaprifol | |
Kaprifol | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Dipsacales |
Familie: | Kaprifolfamilien Caprifoliaceae |
Slekt: | Leddvedslekta Lonicera |
Art: | Kaprifol L. caprifolium |
Vitskapleg namn | |
Lonicera caprifolium |
Skildring
endre- Ikkje-synlege trekk
- Rotnettet består av kraftig forgreina, vidt udbreidde hovudrøter. Heile planta er giftig. Planta kan angripast av ei møllarve, som bit av blomstrane før dei spring ut, og av ei minérflue-larve, som lagar buktande gangar i blada. Ingen av dei gjer nemneverdig skade.
- Storleik
- 4 × ? m (100 × ? cm/år).
- Heimstad
- Planta høyrer heime i Aust-Europa og middelhavsland aust for Italia. Den gror overalt som lian i kratt, lysningar og skogbryn på tørr, varm jord.
Hybridar
endreMange av hageplantane er hybridar[1]
- Lonicera x italica (Lonicera caprifolium x etrusca ) - Hagekaprifol
- Lonicera × heckrottii (L. sempervirens x L. × italica) - Blomsterkaprifol [2]
Sjå òg
endre- Villkaprifol eller vivendel (Lonicera periclymenum)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ægte Kaprifolie» frå Wikipedia på dansk, den 18. september 2011.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene:
- Sten Porse: Plantebeskrivelser, DCJ 2003 (CD-ROM).
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene: