Louis Moe
Louis Maria Niels Peder Halling Moe (20. april 1857–23. oktober 1945) var ein norsk-dansk teiknar, målar og forfattar.
Louis Moe | |
Statsborgarskap | Noreg, Kongeriket Danmark |
Fødd | 20. april 1857 Arendal |
Død |
23. oktober 1945 (88 år) |
Yrke | illustratør, kunstmålar, skribent |
Louis Moe på Commons |
Liv og virke
endreMoe var frå Tromøya i Arendal, der hans danskfødde far var tannlege. Sjølv byrja han i 1873 på teikneskulen i Kristiania, samstundes med Theodor Kittelsen. År 1875 reiste Moe vidare til København, der han året etter tok til på Kunstakademiet og i 1882-83 gjekk i lære hos Lauritz Tuxen. Han var frå 1881 fastbuande i Danmark, men fekk i 1896 bygt Juvlandsæter i Vrådal i Kviteseid kommune, der det i dag er eit galleri.
Moe bidrog med fantasifulle illustrasjonar til klassiske verk som Eddadikta i 1890 og til Saxo Grammaticus i 1898. Dessutan lag han illustrasjonar til ei mengd eventyrsamlingar og barnebøker. Han skreiv og illustrerte bøkene Langt, langt borte i skoven! i 1904 og Den blaa fugl i 1912, og illustrerte verk av mellom andre Vilhelm Krag, Jacob Breda Bull og Knut og Marie Hamsun. Han arbeidde også med raderingar frå 1900 og litografi frå 1905. Bilethistoriene hans utan tekst kan sjåast som forløparar for teikneseriane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Louis Moe» frå Wikipedia på dansk, den 8. juli 2017.