Opna hovudmenyen

Vrådal er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Bygdesentrum er Eidstod som ligg der Vråvatn munnar ut i Nisser. Næringsgrunnlaget er turisme (hotell, camping og skisenter), småindustri og litt skogsdrift. Namnet kjem truleg av det gamalnorske «vrá/ró» som tyder «ro/krok», gjerne brukt om gårdar som låg litt avsides, men det kan også kome av at dalen gjerr ein sving, altså er krokete [treng kjelde].

Vrådal
stad
Vraadal.kirke.JPG
Vrådal kyrkje
Foto: Stiangutten
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Kviteseid
Postnummer 3853 Vrådal

Vrådal kyrkje frå 1886 ligg på nordsida av Vråvatn. Ved vestenden av Vråvatn ligg bygda Vråliosen.

Gunnar Mandt og Halvor S. Nordbø var frå Vrådal.

Andre nettstaderEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.