Love Explosion av Tina Turner

Love Explosion
Studioalbum av Tina Turner
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1979
Innspelt 1979
Sjanger Pop, disco, rock, soul
Lengd 36:05
Selskap United Artists, EMI
Produsent Alec R. Costandinos
Tina Turner-kronologi 
Rough
(1978)
Love Explosion Private Dancer
(1984)
Singlar frå Love Explosion
  1. «Music Keeps Me Dancin'»
    Utgjeve: 1979
  2. «Love Explosion»
    Utgjeve: 1979
  3. «Backstabbers»
    Utgjeve: 1979

Love Explosion er det fjerde studioalbumet til Tina Turner, gjeve ut i mars 1979 på EMI i Storbritannia, Ariola Records i Vest-Tyskland og United Artists i USA. Det var det andre soloalbumet hennar, etter ho forlet ektemannen Ike Turner og the Ike & Tina Turner Revue. Albumet er kraftig påverka av funk og disco.

Oversyn endre

Love Explosion vart spelt inn i Europa og produsert av ein av dei leiande personane i fransk disco på den tida, Alec R. Costandinos, som hadde arbeidd med band som Love And Kisses og Cerrone og medverka på filmmusikken til filmen Thank God It's Friday i 1978. Love Explosion og dei tre singlane, «Love Explosion» og «Music Keeps Me Dancin'» (begge discolåtar) og ein rolegare versjon av The O'Jays-soulklassikaren «Back Stabbers» frå 1972, hadde ein viss suksess på amerikanske og europeiske salslister. Albumet selde dårleg, og plateselskapet droppa ho.

Albumet inneheld to soulballadar, «I See Home» og «Just A Little Lovin'», sistnemnde opphavleg spelt av Dusty Springfield i 1969 på albumet Dusty in Memphis. Love Explosion, som det føregåande albumet Rough, vart gjeve ut på CD av EMI tidleg i 1990-åra, men er i dag ute av opplag.

Innhald endre

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Love Explosion»Lenny Macaluso, Pat Summerson5:55
2.«Fool For Your Love»Leo Sayer, Michael Omartian3:24
3.«Sunset on Sunset»Billy Livsley, David Courtney, Richard Niles3:35
4.«Music Keeps Me Dancin'»Macaluso, Summerson3:49
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«I See Home»Allee Willis, David Lasley5:19
6.«Backstabbers»Leon Huff, Gene McFadden, John Whitehead3:34
7.«Just a Little Lovin'»Barry Mann, Cynthia Weil3:12
8.«You Got What I'm Gonna Get»Chris Bennett, Molly-Ann Leikin3:08
9.«On the Radio»Victor Carstarphen3:49

Medverkande endre

  • Tina Turner - vokal
  • Jean-Claude Chavanat - gitar
  • Tony Bonfils - bass
  • Bernard Arcadio - klaverinstrument
  • André Ceccarelli - trommer
  • Manu Roche - perkusjon
  • George Young, Laurence Feldman, Michael Brecker - tenorsaksofon
  • Lew Delgatto - barytonsaksofon
  • Barry Rogers, Dave Taylor, Tom Malon, Wayne Andre - trombone
  • Alan Rubin, Randy Brecker - trompet
  • George Marge - obo
  • Arthur Simms, Stephanie de Sykes, Stevie Lange, Vickie Brown - korvokal
  • The Pat Halling String Ensemble - strykarar

Produksjon endre

  • Produsert av Alec R. Costandinos
  • Arrangert og dirigert av Raymond T. Knehnestky
  • Remiksa i Trident Studios, London av Peter R. Kelsey
  • «Love Explosion» og «Sunset on Sunset» vart spelte inn i Trident Studios i London
  • «On the Radio» vart miksa i Red Bus Studios i London
  • Design: RIA Images
  • Fotografi: Calude Mougin

Kjelder endre