Rough av Tina Turner

Rough
Studioalbum av Tina Turner
Språk engelsk
Utgjeve September 1978
Sjanger Rock, folkrock, poprock, country, soul, gospel, pop, R&B
Lengd 41:15
Selskap United Artists, EMI
Produsent Bob Monaco
Tina Turner-kronologi 
Acid Queen
(1975)
Rough Love Explosion
(1979)
Singlar frå Rough
  1. «Viva La Money»
    Utgjeve: 1978
  2. «Sometimes When We Touch»
    Utgjeve: 1978
  3. «Root, Toot Undisputable Rock 'n Roller»
    Utgjeve: 1978
  4. «Night Time Is the Right Time»
    Utgjeve: 1978

Rough er det tredje soloalbumet til Tina Turner, gjeve ut i september 1978 på EMI i Storbritannia, Ariola Records i Vest-Tyskland og United Artists i USA.

Oversyn endre

Rough var det første soloalbumet til Turner etter at ho gjekk frå ektemannen Ike Turner i 1976. Dei to første soloalbuma, Tina Turns the Country On! (1974) og Acid Queen (1975), vart spelte inn medan ho framleis var gift med Ike Turner og var medlem av the Ike and Tina Turner Revue. Rough var det første albumet der Ike Turner ikkje hadde noko medverknad. Skilsmissa mellom dei to var endeleg over i 1978, same året som Rough. Tina Turner var utan pengar, men fekk halde retten til å bruke scenenamnet Tina Turner.

Albumet består av rockelåtar, i staden for soul, blues og R&B, som ho ofte hadde spelt med the Revue. Men albumet vart spelt inn på høgda av discotida og er prega av dette. Opningssporet, «Fruits of the Night», var til dømes skriven i lag med den langvarige samarbeidspartnaren til Giorgio Moroder, Pete Bellotte. Turner tok òg med ein versjon av Bob Seger sin «Fire Down Below», som seinare vart spelt inn av Bette Midler i 1979 for filmen The Rose. Albumet inneheld òg den første coverversjonen hennar av Elton John sin «The Bitch Is Back», som ho spelte inn på ny i 1991 for hyllestalbumet Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin.

Albumet Rough inneheld i dei fire singlane, «Viva La Money», «Root Toot, Undisputable Rock & Roller», «Sometimes When We Touch» - ein versjon av Dan Hill-balladen - og «Night Time Is the Right Time», som alle fekk ein viss suksess. Albumet selde heller dårleg. Som det førre albumet Acid Queen, synte albumet retninga som Turner ønskte å ta med å kombinere rock med pop og R&B.

Albumet vart gjeve ut på CD av EMI tidleg i 1990-åra, men er i dag ute av opplag.

Innhald endre

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Fruits of the Night»Edo Zanki, Vilko Zanki, Pete Bellotte4:05
2.«The Bitch Is Back»Elton John, Bernie Taupin3:30
3.«The Woman I'm Supposed to Be»Cliff Wade3:10
4.«Viva La Money»Allen Toussaint3:14
5.«Funny How Time Slips Away»Willie Nelson4:08
6.«Earthquake & Hurricane»Willie Dixon2:30
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Root, Toot Undisputable Rock 'n Roller»George Jackson4:29
8.«Fire Down Below»Bob Seger3:13
9.«Sometimes When We Touch»Dan Hill, Barry Mann3:54
10.«A Woman In a Man's World»Archie Jordan, Hal David2:41
11.«Night Time Is the Right Time»Leroy Carr6:21

Medverkande endre

  • Rick Kellis - horn, saksofon
  • Ken Moore - piano, korvokal
  • Airto Moreira - perkusjon
  • Dennis Belfield - bass
  • Michael Boddicker - synthesizer
  • Peter Bunetta - trommer
  • Al Ciner - akustisk gitar
  • Denise Echols - korvokal
  • Dennis Farias - horn
  • Venetta Fields - korvokal
  • Ed Greene - trommer
  • Billy Haynes - bass
  • Maxayn Lewis - korvokal
  • Deborah Lindsey - korvokal
  • Lenny Macaluso - elektrisk gitar
  • Bill Oz - munnspel
  • Mary Russell - korvokal
  • Julia Tillman Waters -korvokal
  • Stephanie Spruill - korvokal
  • Michael Stephenson - korvokal
  • Ron Stockert - synthesizer, clavinet
  • Marsha Thacker - korvokal
  • Tony Walthers - korvokal
  • Jeff Deane - horn
  • W.D. Smith - hammondorgel

Kjelder endre