Opna hovudmenyen

Michael Omartian (fødd 26. november 1945) er ein amerikansk songar-låtskrivar, klaverspelar og plateprodusent. Han har spelt på mange album gjennom karrieren, og som produsent har har han delteke på store hit-album i tre tiår. Han har vunne Grammyprisen fleire gonger, mellom anna for årets klaverspelar og årets produsent.

Michael Omartian
Fødd26. november 1945 (73 år)
FødestadEvanston
OpphavEvanston i Illinois i USA
Aktiv1970 til i dag
SjangerKristen musikk, pop, rock, R&B
InstrumentPiano, orgel
Verka somLåtskrivar, musikar, plateprodusent
PrisarGrammy Award for Album of the Year

Michael har produseret album for artistar som Clint Black, Michael Bolton, Debby Boone, Steve Camp, Peter Cetera, Christopher Cross, Joe «Bean» Esposito, Amy Grant, Benny Hester, Whitney Houston, The Imperials, The Jacksons, Cliff Richard, Rod Stewart, Donna Summer og Trisha Yearwood. I 1985 produserte Michael Omartian, i lag med Quincy Jones, den store hitten «We Are the World» av ei supergruppe av popmusikarar kalla USA for Africa.[1][2]

Han var med på å starte disco-funk-bandet Rhythm Heritage, og spelte som studiomusikarar for mange artistar, som Koinonia, Steely Dan, The Four Tops, Seals and Crofts, Al Jarreau og Loggins & Messina.[3][4][5]

I 1980 vart Omartian nominert til ti Grammy-prisar for debutalbumet til Christopher Cross. Han vann til slutt tre av desse.[6]

Omartian har spelt inn fleire polerte kristne musikkalbum under sitt eige namn, som White Horse, Mainstream, Adam Again og Conversations.

DiskografiEndra

ArtistEndra

SoloEndra

Michael and Stormie OmartianEndra

  • 1978: Seasons of the Soul (Myrrh)
  • 1980: The Builder (Seymour)
  • 1982: Mainstream (Sparrow)
  • 1982: Omartian Odyssey (samleplate) (Myrrh)
  • 1983: Together Live (med 2nd Chapter of Acts) (Sparrow)

AndreEndra

  • 1976: Through a Child's Eyes Annie Herring (Sparrow)[7]
  • 1995: Like Brothers Pratt & McClain (Sonrise Music)
  • 1995: Contemporary Mozart (utafor USA kalla Bon Appetit: Contemporary Mozart Arrangements Volume 2) (K-Tel)
  • 2000: Child of the Promise: A Musical Story Celebrating The Birth of Christ Michael and Stormie Omartian (Sparrow)

ProdusentEndra


KjelderEndra

  1. «Performers From USA For Africa's «We Are The World»». In The 80s. Henta 28. august 2014. 
  2. «We Are The World by USA for Africa Songfacts». Songfacts.com. Henta 28. august 2014. 
  3. Artist Biography by Jason Ankeny (26. november 1945). «Michael Omartian | Biography». AllMusic. Henta 28. august 2014. 
  4. «53. Adam Again – Michael Omartian | CCM's 500 Best Albums Of All Time». Ccms500bestalbums.wordpress.com. Henta 28. august 2014. 
  5. «Michael Omartian». Ccmclassic.com. 26. november 1945. Henta 28. august 2014. 
  6. «Michael Omartian | Yamaha Artists». Yamaha.com. 26. november 1945. Henta 28. august 2014. 
  7. «Complete album credits for the 1976 release by CCM artist, Annie Herring, entitled Through a Child's Eyes». discogs.com. Henta 28. august 2014. 

BakgrunnsstoffEndra