Loveleen Rihel Brenna
Loveleen Rihel Brenna (fødd 6. oktober 1967 i India) er ein norsk forfattar. Ho vart fødd i India i 1967 og kom til Kristiansand i 1972 saman med foreldra sine.
Loveleen Rihel Brenna | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. oktober 1967 (57 år) |
Yrke | forfattar, administrerande direktør |
Ho er utdanna i pedagogikk, psykologi, sosialpedagogikk med vidareutdanning i migrasjon og fleirkulturell forståing, og driv eit eige konsulentfirma for fleirkulturelle spørsmål. Ho driv også føredrags- og kursverksemd kring dette. tidlegare har ho mellom anna arbeidt ved innvandrarkontoret og barnevernstenesta i Kristiansand kommune og vore prosjektleiar for frukostseminar i samband med Groruddalssatsinga til Husbanken.
Loveleen Rihel Brenna har vore rådsmedlem i Verdikommisjonen, ho har fått Ole Vig-prisen for brubyggjarinnsats (1997) og i 2000 fekk ho Integreringsprisen for innsatsen sin for å skape betre føresetnader for integrering.
Frå januar 2004 har Loveleen Rihel Brenna vore leiar for Foreldreutvalet for grunnskulen, først for perioden til 2007, og deretter utnemnd på nytt for fire nye år. Ho sit også i styret for Universitetet i Agder og Raudekrossen i Noreg. Tidlegare har ho vore fagrådsmedlem i Norsk Filminstitutt og sete i styret for VOX-instituttet.
Bibliografi
endreSakprosa
endre- 1997 – Mulighetenes barn : å vokse opp med to kulturer. (Oslo: Cappelen, 1997 – ISBN 82-02-16180-0)[1]
- 2001 – Djulaha! : om å forstå annerledeshet (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2001 – ISBN 82-7634-438-0)[2]
- 2004 – Sangam! : integrering og inkludering (Bergen: Fagbokforlaget, 2004 – ISBN 82-7674-937-2)[3]
- 2007 – Marasim (Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2007 – ISBN 978-82-7634-630-5)[4]
- 2008 – Manzil : mangfoldig ledelse og utvikling (Oslo: Cappelen akademisk, 2008 – ISBN 978-82-04-13592-6)[5]
Kjelder
endre- «Loveleen Rihel Brenna» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 4. januar 2010.
- Knut Olav Åmås [red.]: «Brenna, Loveleen» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Nettstaden til Loveleen Rihel Brenna
- «‘Jeg tenkte aldri at jeg var noen hjelper’» av Rønnaug Jarlsbo på Dagbladet.no (29.03.2009)