Ludwig Heinrich Edler von Mises (29. september 188110. oktober 1973) var ein austerriksk økonom og ved sida av føregangarane Carl Menger og Eugen von Böhm-Bawerk og arvtakarane Friedrich Hayek og Murray N. Rothbard ein av dei viktigaste representantane for «den austerrikske skulenn» innan nasjonaløkonomi.

Ludwig von Mises

Fødd29. september 1881
Lviv
Død10. oktober 1973
New York by
NasjonalitetUSA, Austerrike
Områdesamfunnsøkonomi, filosofi
Yrkesamfunnsøkonom, filosof, universitetslærar, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Wien
New York University
Graduate Institute of International Studies
Alma materUniversitetet i Wien
Akademisches Gymnasium
DoktorgradsrettleiarEugen von Böhm-Bawerk
EktefelleMargit von Mises
MedlemMont Pelerin Society
Ludwig Heinrich Edler von Mises.

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Ludwig von Mises var fødd i Lemberg (no Lviv i Ukraina) i ein nyleg adla jødisk familie. Familien flytta til Wien då han framleis var ganske liten, og han studerte ved Universität Wien, der han sidan vart professor. Dei økonomiske verka hans var eit forsvar for liberalismen og eit forsvar for den frie marknaden, og samstundes eit angrep på både sosialisme og nasjonalsosialisme.

Karriere endre

I 1934 flytta von Mises til Sveits, der han var professor i Genève fram til 1940. Som jøde frykta han at dei tyske nazistane skulle ta makta i landet, og reiste til New York der han blei gjesteprofessor ved universitetet i 1945 fram til han pensjonerte seg i 1969. Han fekk ikkje løn frå universitetet, men blei i staden støtta av forretningsfolk som Lawrence Fertig.

Då von Mises trekte seg tilbake var han 87 og den eldste aktive professoren i USA. Han døydde 92 år gammal i New York.

Sentrale verk endre

  • Theorie des Geldes und der Umlaufmittel (1912)
  • Die Gemeinwirtschaft (1922)
  • Grundprobleme der Nationalökonomie (1933)
  • Human action (1949) (eigenleg ein utbygd versjon av Nationalökonomie (1940))

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Ludwig von Mises
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ludwig von Mises
  Commons har multimedium som gjeld: Ludwig von Mises