Lugnaquilla (irsk Log na Coille, som tyder ‘Skogsøkket’) er eit fjell i County Wicklow i Republikken Irland. Det er det høgaste fjellet i Leinster og det 13. høgaste fjellet på Irland.[1] Det er det høgaste fjellet i Wicklowfjella aust på Irland og er eit av fjorten fjell på Irland over 3 000 fot med ei høgd på 925 moh.[2] På klåre dagar kan ein sjå austover, over Irskesjøen til åsane på Llŷnhalvøya og fjella Snowdonia i Wales.

Lugnaquilla
fjell
Lugnaquilla sett frå Camara Hill
Land  Irland
Område Wicklow
Fjellkjede Wicklowfjella
Høgd 925 moh.
Primærfaktor 838 m
Koordinatar 52°57′58″N 6°27′47″WKoordinatar: 52°57′58″N 6°27′47″W
Kart
Lugnaquilla
52°57′58″ N 6°27′47″ W
Wikimedia Commons: Lugnaquilla

Sidan det ligg nær hovudstaden Dublin er toppen av Lugnaquilla ofte vitja. Ofte vert fjellet berre kalla Lug. Lugnaquilla er eit stort fjell med ein stor platåliknande topp. På begge sider er det bratte dalbotnar.

Fotnotar endre

  1. «Lugnaquilla». Henta 15. januar 2007. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 20. oktober 2007 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre