Lundtrupial

art av sporvefuglar
Lundtrupial
Lundtrupial
Lundtrupial
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av lundtrupial
Utbreiinga av lundtrupial
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trupialfamilien Icteridae
Slekt: Icterus
Art: Lundtrupial I. galbula
Vitskapleg namn
Icterus galbula

Lundtrupial (Icterus galbula) er ein fargerik trupial som lever i «den nye verda». Arten er ein sterk trekkfugl.

Skildring endre

Denne mellomstore sporvefuglen måler 18-22 centimeter i kroppslengd og har vengespenn på 23-32 cm. Kroppsforma er typisk for slekta Icterus, med ein kraftig kropp, ein lang hale, ganske lange bein og eit solid, men kvasst nebb. Kroppsvekta er gjennomsnittleg 33,8 gram, med variasjonar i området frå 22,3 til 42 gram. Hannfuglar er litt større enn hoer, sjølv om dimorfismen i storleik er minimal i høve til dei andre artane i slekta. Vaksne har alltid kvite vengband. Vaksne hannar er oransje på undersida, på skulderparti og overgump, nokre individ opptrer med ei veldig djup flammande oransje farge, andre synest gulaktig oransje. Heile hovudet med strupe og nakke, hale og mykje av vengen er svart hos hannar. Hoene er gulbrune på oversida og er elles langt bleikare i fargene enn hannar. Den juvenile lundtrupialen liknar hofuglar.

Lundtrupialar har habitat i utkant av skogar, rydda område, frukthagar, parkar og hagar. I vintersesongen òg i plantasjar. Dei kan beite heilt opp til 3000 moh., og tar typisk for seg av insekt og frukter.[1]

Hekkeområdet er i Nord-Amerika: Austlege USA og over til sørlege Canada, aust for Rocky Mountains, overvintring frå midtre Mexico og Florida sørover gjennom Mellom-Amerika og Karibia til og med nordlege Colombia og Venezuela.[1]

Populasjonen er estimert til rundt 6 millionar individ og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten er registrert på Utsira i 1986, og ein lundtrupial blei observert i Værøy i 2015.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Fraga, R. (2019). Baltimore Oriole (Icterus galbula). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 8. juli 2019
  2. BirdLife International (2019) Species factsheet: Icterus galbula Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juli 2019
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 8. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lundtrupial