Lusegras
Lusegras
Lusegras
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karsporeplanter Pteridophyta
Klasse: Lycopodiopsida
Orden: Kråkefotordenen Lycopodiales
Familie: Kråkefotfamilien Lycopodiaceae
Underfamilie: Huperzioideae
Slekt: Huperzia
Art: Lusegras H. selago
Vitskapleg namn
Huperzia selago

Lusegras (latin: Huperzia selago) er ein plante i lusegrasslekta innafor kråkefotfamilien. Sume ser på lusegras som ein eigen familie (Huperziaceae), men dette er ikkje vanleg i nordisk botanikk.

Lusegras med nyreforma, gule sporeaks.
Bildet viser lusegras med lysegrøne yngleknoppar heilt øvst i toppen av skotet, og sporeaks nedafor desse.

Lusegras vart tidlegere brukt for å fjerne uty frå buskap, og namnet kjem truleg frå denne bruken. Planten vart skildra av Carl von Linné i 1753.

Lusegras kan tole både skugge og mager jord. Det vil helst ha fuktige stader i barskog, bøkeskog, oresump, myrlandskap, røyser og steinbrot. Det veks i heile Norden og kystregionane av Island samt store deler av nordlege Eurasia og Nord-Amerika. I Nord-Amerika går det opp til 700 moh., og heller sjeldsynt heilt til 1600 moh.

Lusegras blir 5-30 cm høgt, og er krypande med opprette, like lange endar. Blada er 10-15 mm lange og sit i rekkjer som er uregelmessige. Sporehusa er gulbrune og har nyreform, dei er relativt runde og korte, og sit i bladhjørna i øvste delane av greinene. Heilt øvst kan det vere lysegrøne yngleknoppar.

Lusegras skil seg frå slektningen stri kråkefot (Lycopodium annotinum) på den måten at sistnemnde dannar større bestandar, og har tettare tuer med meir talrike greiner. Dessutan har stri kråkefot lengre og langt meir utprega og synlege sporeaks (sporehus) i toppen.

Underartar endre

Ein norsk underart er fjell-lusegras (Huperzia selago ssp. apressa), som går opp til 1940 moh. i Jotunheimen. Det kjennes på at dei meir brungule blada sit tettare og peikar rett opp langs stilken, samt at yngleknoppane også sit nedover greina. I tillegg veks polarlusegras (H. selago ssp. arctica) på Svalbard. Desse vert no rekna som eigne artar.[1] Tidlegeae skilde ein ikkje mellom fjelllusegras og polarlusegras, men ein reknar no det førstnemnde som identisk med den nordamerikanske H. appalachiana.[2]

Det totale tal artar/underartar er:

  • Lusegras (Huperzia selago ssp. selago)
  • Fjell-lusegras (Huperzia selago ssp. appressa = H. apressa = H. appalachiana)
  • Polarlusegras (Huperzia selago ssp. arctica = H. arctica)
  • Huperzia lucidula eller «Shining firmoss» (Huperzia selago ssp. lucidula)
  • Huperzia porophila eller «Rock firmoss» (Huperzia selago ssp. porophila)

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Elven, R: Norsk flora, 7. utgave. Det norske Samlaget, Oslo 2005.
  2. Elven, R: Bakgrunn for endringer i Lids fl ora 2005. 1. Kråkefotfamilien til ripsfamilien. Blyttia 65(1), 2007, s 21-43.http://www.nhm.uio.no/botanisk/nbf/blyttia/200701_iv.pdf

Bakgrunnssstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lusegras