Lymfesystemet er eit organsystem i kroppen til virveldyr som er del av immunsystemet og bidreg til krinsløpssystemet. Det er eit stort åresystem som består av lymfe, lymfeårar og lymfevev, som omfattar lymfeknutar.[1][2]

Lymfesystem

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD008208

Lymfeårene byrjar blindt ute i vevet og tømmer seg i ei vene bak kragebeinet. Oppgåvene til lymfesystemet er å transportera feitt frå tarmen og overskotsvæske frå vevet til blodbanen, reinsa lymfe, hindra betennelsar og øydelegga mikroorganismar.

Lymfesystemet blei fyrst skildra på 1600-talet, uavhengig av Olaus Rudbeck og Thomas Bartholin.[3]

Oppgåvene til lymfesystemet endre

Lymfesystemet har fire viktige oppgåver:

  1. Samla opp overflødig væske.
  2. Fanga opp ulike element som har kome seg ut gjennom blodkara.
  3. Ta hand om forsvaret til kroppen mot virus, bakteriar og kreft.
  4. Transportera feitt frå tarmane og ut i kroppen.

Det er flest lymfekar i huda, slimhinnene og subserøse vev. Sentralnervesystemet, beinmargen og det indre øyret inneheld ikkje lymfekar.

Anna endre

På mange måtar kan ein rekna lymfesystemet som eit transportmiddel for dei kvite blodlekamane til kroppen. Dette er ei særs viktig oppgåve sidan det er dei kvite blodlekamane som vernar kroppen mot infeksjonar og sjukdommar.

Lymfesystemet består av lymfeårer, lymfekjertlar, milten og anna lymfoid vev i ulike organ. Lymfekjertlane er samla i klynger ved blodkara.

Dei største lymfekjertlane finst i lysken, i armholene, i halsen og i buken. På desse stadene føregår det ei storopprydning av element som kan skada kroppen dersom dei ikkje blir skilde ut. Dette kan vera avfallsstoff som mikroorganismar, brukte blodceller og små sotpartiklar.

Kjelder endre

  1. Standring, Susan (2016). Gray's anatomy: the anatomical basis of clinical practice (41. utg.). s. 68–73. ISBN 9780702052309. 
  2. Moore K (2018). Clinically oriented anatomy (8. utg.). s. 43–45. ISBN 9781496347213. 
  3. Eriksson G (2004). «[Olaus Rudbeck as scientist and professor of medicine]». Svensk Medicinhistorisk Tidskrift 8 (1): 39–44. PMID 16025602.