Lyngdal kyrkje i Lyngdal

kyrkje i Lyngdal kommune
Sjå òg Lyngdal kyrkje i Flesberg.

Lyngdal kyrkje vart bygd i 1848 etter teikningar av Gabriel Kielland basert på typeteikningar av H.D.F. Linstow. Det er ei krosskyrkje med 800 sitjeplassar. Kyrkja ligg ved fylkesveg 43 i Lyngdal kommune, strategisk plassert midt mellom elvene Lygna og Litleåna.

Lyngdal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Lyngdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Lister og Mandal
Sokn Lyngdal
Fellesråd Lyngdal
Arkitekt H.D.F. Linstow / Gabriel Kielland
Material Tre
Innvigd 10. september 1848
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Kyrkjegard Ja
Preikestol Ole M. Hansen (1848)
Døypefont Av tre
Altartavle Ole M. Hansen (1848)
Orgel Olsen & Jørgensen (1907), omb. 1957 og 1980-åra (Bruno Christensen)
Sitjeplassar 800[1]
Kart
Lyngdal kyrkje
58°09′12″N 7°05′28″E / 58.15336°N 7.09118°E / 58.15336; 7.09118
Wikimedia Commons: Lyngdal kirke, Vest-Agder

Om lag ti meter nord for kyrkja stod tidlegare ei eldre kyrkje frå mellomalderen av stein og tre.[2] Denne kyrkja vart riven i 1847. I området finn ein òg ei rekkje gravhaugar som ein trur stammar frå eldre jarnalder og vikingtid.[3]

Nordaust for kyrkja står eit gravkapell med ei altartavle måla av Terje Grøstad i 1964.[4]

Kyrkja er prostikyrkje i Lister prosti i Agder og Telemark bispedømme.

Fotnotar endre

  1. Kyrkjesøk. Opphavleg hadde kyrkja 1636 sitjeplassar.
  2. Knudsen (1998), s. 22–29.
  3. Knudsen (1998), s. 117–119.
  4. Knudsen (1998), s. 130.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre