Lynsey Sharp (fødd 11. juli 1990) er ein britisk friidrettsutøvar frå Dumfries i Skottland som tevlar internasjonalt på 800 meter. Ho vart europameister på 800 m i 2012 og tok EM-sølv på same distansen i 2014. Faren Cameron Sharp vann EM-sølv på 200 m i 1982.

Lynsey Sharp
LynseySharp2014.jpg
Fødd 11. juli 1990
Dumfries
Yrke mellomdistanseløpar
Lynsey Sharp på Commons

AktivEndra

Sharp vart opphavleg nummer to på 800 meter under friidretts-EM i Helsingfors i juni 2012. Etter at den opphavlege vinnaren, Jelena Arzjakova frå Russland, i april 2013 vart dømd for unormale verdiar i sitt biologiske pass, rykte Sharp opp til fyrsteplass. Gullmedaljen fekk ho tildelt ved eit innandørsstemne i Glasgow i mars 2014. Sharp vart etter litt om og men teken ut til å representere Storbritannia under Sommar-OL 2012, der ho vart slått ut i semifinalane på 800 m.

I juli 2014 sprang Sharp for fyrste gong under to minuttar på 800 meter, tida 1.59,67 vart oppnådd i DL-stemnet i Lausanne. Nokre veker seinare tok ho sølvmedaljen på 800 m ved samveldeleikane i Glasgow, den regjerande verdsmeisteren, Eunice Sum frå Kenya, vann løpet. Berre to veker etterpå tok Sharp under EM i friidrett 2014 i Zürich endå ei sølvmedalje. Her sette ho personleg rekord med 1.58,80, kviterussiske Maryna Arzamasava vart europameister etter å ha vorte klokka inn på 1.58,15.

KjelderEndra