Mélina Robert-Michon
Mélina Robert-Michon (fødd 18. juli 1979) er ein fransk friidrettsutøvar som tevlar i diskoskasting. Ho vann i tida 2013-17 VM-sølv, EM-sølv, OL-sølv og VM-bronse i øvinga.
Mélina Robert-Michon | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 18. juli 1979 (45 år) Voiron |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2004 – Diskoskast kvinner, athletics at the 2000 Summer Olympics – women's discus throw, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Diskoskast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2008 – Diskoskast damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast damer, Q119956246 |
Utmerkingar | ridder av Den nasjonale fortjenstorden |
Aktiv
endreRobert-Michon sette personbeste i diskoskast med 65,78 meter sommaren 2002. Fyrst elleve år seinare kasta ho lenger, under VM-finalen i Moskva 2013 la ho på ein halv meter og vann sølvmedaljen. Også i Zürich-EM 2014 og i Sommar-OL 2016 sikra Robert-Michon seg sølvmedaljen, i den siste tevlinga med sitt livs lengste kast på 66,73 meter. I alle desse tre tevlingane vart kroatiske Sandra Perković eitt nummer eller så for stor. Ved verdsmeisterskapen 2017 tok Robert-Michon bronsemedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (47,88 m=nr 29)
- OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (54,11 m=nr 29)
- VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (56,22 m=nr 20)
- EM 2002 i München: Nr 12 – 54,92 m
- VM 2003 i Paris: Nr 11 – 58,52 m
- OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (56,70 m=nr 31)
- EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (53,77 m=nr 17)
- VM 2007 i Osaka: Nr 11 – 57,81 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 7 – 60,66 m
- VM 2009 i Berlin: Nr 8 – 60,92 m
- EM 2012 i Helsinki: Nr 6 – 60,41 m
- OL 2012 i London: Nr 5 – 63,98 m
- VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 66,28 m, bakom Sandra Perković (67,99 m)
- EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 65,33 m, bakom Sandra Perković (71,08 m)
- VM 2015 i Beijing: Nr 10 – 60,92 m
- EM 2016 i Amsterdam: Nr 5 – 62,47
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 66,73 m, bakom Sandra Perković (69,21 m)
- VM 2017 i London: Bronsemedalje – 63,21 m
- VM 2019 i Doha: Nr 10 – 59,99 m
- OL i 2021 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (60,88 m=nr 15)
- VM 2022 i Eugene: Nr 10 – 60,36 m
- EM 2022 i München: Nr 8 – 60,60 m
- VM 2023 i Budapest: Nr 9 – 63,46 m
- EM 2024 i Roma: Nr 7 – 61,65 m
- OL 2024 i Paris: Nr 12 – 57,03 m
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mélina Robert-Michon» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- «Mélina Robert-Michon» (på engelsk). olympedia.org. Henta 20. februar 2023.