MF «Fusa» (1969)
MF «Fusa» i rute Hatvik-Fusa på 1970-tallet. Foto: Harald Sætre | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Fusa» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Haugesunds Slip i Haugesund |
Verftsnummer: | 12 |
Sjøsett: | 1969 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LHGZ |
IMO-nummer: | 6924246 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 396 bruttotonnregister, 143 nrt |
Lengd: | 160,8 fot (49,0 m) |
Breidd: | 34,8 fot (10,6 m) |
Djupgang: | 11,8 fot (3,6 m) |
Installert effekt : | 750 bhk |
Framdrift: | 5cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Bilar: | 40 køyretøy |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Hjelmeland» |
Eigar: | Det Stavangerske Dampskibsselskab |
Sett i teneste: | 1987 |
Heimehamn: | Stavanger |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Sand» |
Eigar: | Rogaland Trafikkselskap |
Sett i teneste: | 1991 |
Heimehamn: | Stavanger |
Generelle mål etter ommåling i 1997 | |
Tonnasje: | 551 bruttotonnregister, 187 nrt |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Ropeid» |
Eigar: |
2003: Stavangerske 2007: Nor-Ferjer (Tide ASA) 2008: Tide Sjø 2011: Norled |
Sett i teneste: | 2003 |
Heimehamn: | Stavanger |
MF «Fusa», i dag MF «Ropeid» er ei bilferje levert frå Haugesunds Slip i Haugesund 10. juli 1969 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ferja gjekk inn i ruta Hatvik-Venjaneset i Fusafjorden. Ferja er i dag reserverferje for Norled i Levanger.
Historie
endreI mars 1987 vart ho seld til Det Stavangerske Dampskibsselskab og omdøypt «Hjelmeland». Her gjekk ho i ruta Tøtlandsvik-Vindsvik og Ombo-Nesvik-Hjelmeland. Frå 1990 til 1992 gjekk ho i ruta Sande-Nesvik.
I desember 1991 vart ho overført til Rogaland Trafikkselskap og i desember 1992 fekk ho namnet «Sand». Frå 1993 til 2004 gjekk ho i ruta Sand-Ropeid. I 1994 vart overbygget heva og sertifikatet endra. Ho kunne då ta 237 passasjerar.
28. oktober 2000 vart ein mann stukken med kniv og drepen om bord. Begge var asylsøkjarar frå mottaket på Sand.
I januar 2003 vart ho overført til Stavangerske. I april 2004 vart kapasiteten endra frå 40 til 30 bilar og i 2005 vart passasjerkapasiteten endra til 141. I juli 2006 fekk ferja namnet «Ropeid». 22. oktober 2007 vart ho overført til Nor-Ferjer AS (Tide ASA) og 1. januar 2008 til Tide Sjø, og sidan desember 2011 for Norled. Ferja er framleis i drift.
Ferjeruter
endre- 1969-1977 Hatvik-Venjaneset
- 09.1977 - I opplag
- 05.1978-05.1979 - Bruravik-Brimnes
- 05.1979-10.1980 - Leirvik-Valevåg-Mosterhamn, Leirvik-Utbjoa-Sydnes-Fjelberg.
- 10.1980-04.1981 - Leirvik-Valevåg-Mosterhamn / Leirvik-Utbjoa-Sydnes-Fjelberg / Leirvik-Ranavik-Sunde
- 1984-Bruravik-Brimnes
- 1987-1990 Tøtlandsvik-Vindsvik og Ombo-Nesvik-Hjelmeland
- 1990-1992 Sande-Nesvik
- 1992-1993 Tøtlandsvik-Vindsvik
- 03.1993-01.2004 Sand-Ropeid
- 05.2004-06-2004 - Utleigd til Troms Fylkes Dampskibsselskab for Breistein-Valestrandsfossen.
- 2004-2006 reserverferje for Sand-Ropeid
- 06.2005-07.2005 - Stavanger-Lysebotn
- 2006 reserverferje stasjonært i Levanger for Brekstad-Valset og Levanger-Hokstad
Kjelder
endre- Skipet.no
- «Odda» på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.