MF «Hardingen» (1966)
M/F «Hardingen» i Kaupanger i 2016 Foto: Tore Sætre
| |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MS «Hardingen» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Ankerløkken Verft i Florø |
Verftsnummer: | 69 |
Sjøsett: | 1966 |
Teke ut av teneste: | 1991 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LGED |
IMO-nummer: | 6616526 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 632 bruttotonnregister, 271 nrt |
Lengd: | 170,8 fot (52,1 m) |
Breidd: | 37,0 fot (11,3 m) |
Djupgang: | 8,0 fot (2,4 m) |
Installert effekt : | 1200 bhk |
Framdrift: | 2x 4cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Fart: | 12 |
Passasjerar: | 399 passasjerar |
Bilar: | 45 køyretøy |
Karriere | Italia |
Namn: | MF «Erik P.» |
Eigar: |
1991: S. & Z. S.r.l. 1994: TR.I.S. (Traghetti Isole Sarde S.r.l.) 2003: EneRamaR Transport S.r.l. 2005: Delcomar SAS |
Heimehamn: |
1991: Napoli 2003: Genova 2005: Cagliari |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Hardingen sr.» |
Eigar: | 2016: Fjord2 Fjord Cruises, Noreg |
Status: | Går i turistrute i indre Sogn |
MF «Hardingen», seinare «Erik P.» og no «Hardingen sr.» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Florø i mai 1966 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ho gjekk i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal frå 1966 til 1973. Frå 1977 til slutten av 1980-åra gjekk ho i ruta Halhjem-Våge-Bruntveit og dei siste åra, frå kring 1989 til 1991 i ruta Flatråker-Jektavik-Nord-Huglo.
Ferja vart i 1991 selt til Italia og frå 1992 til 2003 gjekk ho i rute mellom Palau og La Maddalena. Frå 2003 og framover gjekk ho i rute mellom Calasetta og Carloforte på Isola di San Pietro ved Sardinia.
I 2016 vart «Hardingen» kjøpt av eit norsk reiarlag og ført tilbake til Noreg. Ferja vart ikledd dei orginale HSD-fargane og sett inn i turistrute i indre Sognefjorden.
Kjelder
endre- Skipet.no
- Kinsarvik på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2012-12-16 ved Wayback Machine.