Sjå òg Storegut (fleirtyding)

MF «Storegut» er ei norsk jarnbaneferje som trafikkerte Tinnsjå i Telemark frå 1956 til 1991.

MF «Storegut» ved Tinnoset.
Foto: SRS scandiline

Ferja vart bygt i stål av Glommen Mekaniske verkstad på ferjeslippen på Tinnoset i 1956.[1] Ho var ein del av transportkjeda Rjukanbanen-Tinnsjøen-Tinnosbanen-Telemarkskanalen til trafikken på banen vart nedlagt i 1991.

Da skipet vart sjøsett i 1956, var det den største innsjøferja i Nord-Europa.[2] Ho tok over trafikken for DF «Ammonia», som gjekk over til å bli reserveferje.

MF «Storegut» vart freda av Riksantikvaren i 2009.[1] Frå i 2015 vart ho innskrive på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Rjukan-Notodden industriarv.[3]

Tekniske data endre

  • Byggjeår: 1956
  • Lengde: 82.11 m
  • Tonnasje: 1 119 bruttotonn
  • Maskinar: 3 stk 6 sylindra MWM dieselmotorar
  • Kapasitet: 19-21 jarnbanevognar, 400 passasjerar

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Storegut / Fartøy». Riksantikvaren / Kulturminnesøk. Henta 21. september 2017. 
  2. «M/F Storegut». Rjukanbanen / Norsk industriarbeidermuseum. Henta 22. september 2017. 
  3. «Verdensarven på Rjukan og Notodden». Riksantikvaren. 6. juli 2015. Henta 21. september 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: MF «Storegut»