Opna hovudmenyen

MS «Oslofjord» var det fyrste nye skipet som Den norske Amerikalinje (NAL) let bygga på 20 år. Skipet vart bygd ved Deutsche Schiff- und Maschinenbau i Bremen, som byggenummer 932, og vart overlevert NAL i mai i 1938.

MS «Oslofjord» (1938)
Oslofjord1938-01.jpg
Karriere
Type: Passasjerskip
Verft: DeSchiMAG, Bremen
Sjøsett: 29. desember 1937
Jomfrutur: 4. juni 1938
Status: Gikk på en mine i elva Tyne i England 1. desember 1940.
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 18 673 brt tonn
Lengd: 179,7 m (589 fot) m
Dekkbreidde: 22,37 m (73,2 fot) m
Passasjerar: 860
Mannskap: 310

Ved utbrotet av andre verdskrigen i 1940 låg skipet i New York og vart innlemma i Nortraship-flåten. Etter å ha vorte ominnreidd til troppetransportskip, gjekk «Oslofjord» på ei mine ved utløpet av elva Tyne i Nordaust-England den 1. desember 1940. For å unngå at skipet skulle blokkera innseglinga til Newcastle upon Tyne, vart det køyrt på grunn ved South Shields. Etter dårleg vêr og kraftige dønningar byrja skroget 8. desember å sprekka på tvers omtrent midt mellom skorsteinane. Dagen etter vart det konstatert at akterskipet hadde vridd seg mellom 7 og 8 gradar i tilhøve til forskipet, og alle voner om å berga fartøyet var ute. Skipsvraket er i dag eit populært objekt for sportsdykkarar der det ligg på 12 meters djup.

SkipetEndra

 
MS «Oslofjord» i Oslofjorden

Den norske Amerikalinje tinga skipet den 15. mai 1936, og byggeprisen var 13 millionar kroner. Skipet var på 18 673 brutto registertonn og 10 712 netto registertonn. Det var utstyrt med to 3-blads bronsepropellar som kvar vog 15 500 kg. Desse vart drivne av fire par-kopla 7-sylindra dieselmotorar bygd av Maschinenfabrik Augsburg-Nürnberg A.G. (AGN) i Augsburg.

Passasjerkapasiteten var 860 passasjerar, fordelt på 152 i lugarkategorien kabinklasse, 307 på turistklasse og 401 på 3. klasse. Alle lugarane hadde regulerbare ventilasjonssystem og vask med kaldt og varmt vatn, medan berre dei dyraste lugarane hadde bad og dusj. Besetninga var på 310. MS «Oslofjord» var det fyrste skipet til NAL med innvendig symjebasseng. Dette låg på F-dekket, langt nede i skipet. Den norske arkitekten Georg Eliassen var ansvarleg for utforminga av innreiing og interiør. Treslaga som var mest brukt i innreiinga var furu, ask og eik, og mellom kunstnarane som stod for utsmykkinga var Alf Rolfsen, Axel Revold, Maja Refsum og Per Krohg.

KjelderEndra