Ma Kelly's Greasy Spoon

Ma Kelly's Greasy Spoon
Studioalbum av Status Quo
Språk engelsk
Utgjeve August 1970
Innspelt Våren 1970
Studio Pye Studios, London
Sjanger Hardrock, Blues rock
Lengd 41:48
Selskap Pye
Produsent John Schroeder
Status Quo-kronologi 
Spare Parts
(1969)
Ma Kelly's Greasy Spoon Dog of Two Head
(1971)


Ma Kelly's Greasy Spoon er det tredje albumet til det engelske rockebandet Status Quo. Det var det første albumet deira etter at dei gav opp den psykedeliske stilen og byrja å eksperimentere med hardrockstilen som skulle bli varemerket deira. Det var òg det siste albumet deira med klaverspelaren Roy Lynes. Albumet kom ut i august 1970, men selde for dårleg til å gå inn på albumlista i Storbritannia.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [1]

Bandet byrja å eksperimentere med ein ny stil då dei fekk den australske låtskrivaren Carl Groszmann til å skrive songar for dei. Songen vart «Down the Dustpipe», som ikkje kom med på albumet, men kom ut på singel i mars 1970 med Rossi/Parfitt-songen «Face Without a Soul» frå det førre albumet, Spare Parts, som B-side. Singelen tok media på senga, sidan han skilde seg kraftig ut frå dei tidlegare singlane deira, med ein boogie-shuffle-stil. Singelen nådde 12. plassen på den britiske singellista og låg inne på topp 50 i 17 veker.

I oktober 1970 kom ein annan singel som heller ikkje var med på noko album. Dette var ein song av Rossi og Young kalla «In My Chair», med B-sida «Gerdundula» (skriven i Tyskland av Rossi og Young under pseudonyma Manston og James, med ein tittel som visstnok var inspirert av dei tyske venene deira, Gerd og Ula. Singelen vart ein hit og nådde 21. plassen på den britiske singellista. «Gerdundula» vart sidan spelt inn på ny for det neste albumet deira, Dog of Two Head.

Då dei var på turné same året vart organisten Roy Lynes forelska i ei jente, og valde raskt å forlate bandet for å slå seg til ro med henne.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Spinning Wheel Blues» (skriven Spinning Wheel på den originale LP-utgåva)Francis Rossi, Bob Young3:21
2.«Daughter»Alan Lancaster3:01
3.«Everything»Rossi, Rick Parfitt2:36
4.«Shy Fly»Rossi, Young3:49
5.«(April) Spring, Summer and Wednesdays»Rossi, Young4:12
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Junior's Wailing»Kieran White, Martin Pugh3:33
7.«Lakky Lady»Rossi, Parfitt3:14
8.«Need Your Love»Rossi, Young4:46
9.«Lazy Poker Blues»Peter Green, Clifford Adams3:37
10.«Is it Really Me/Gotta Go Home»Lancaster9:34
Bonusspor på utgåva frå 1995
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«In My Chair» (alternativ miks) 3:34
12.«Gerdundula» (alternativ miks)Young, Rossi4:10
13.«Down the Dustpipe» (alternativ miks) 2:08
14.«Junior's Wailing» (alternativ miks) 3:36
Bonusspor på utgåva frå 2003
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Is it Really Me/Gotta Go Home» (Early Rough Mix)Lancaster6:54
12.«Daughter» (Early Working Mix for Poss. Guitar)Lancaster2:57
13.«Down the Dustpipe»Carl Groszman2:06
14.«In My Chair»Francis Rossi, Bob Young3:19
15.«Gerdundula» (originalversjonen)Manston, James3:23
16.«Down the Dustpipe» (BBC Session)Groszman1:49
17.«Junior's Wailing» (BBC Session)White, Pugh3:01
18.«Spinning Wheel Blues» (BBC Session)Rossi, Young2:17
19.«Need Your Love» (BBC Session)Rossi, Young2:29
20.«In My Chair» (1979 Pye Promo Flexidisc)Rossi, Young1:37

BBC Sessions vart spelt inn i BBC Studio 1, Shepherd's Bush i oktober 1970 for The John Peel Show

Medverkande endre

Kjelder endre