Dog of Two Head
Studioalbum av Status Quo
Språk engelsk
Utgjeve November 1971
Innspelt Pye Records, London
Sjanger Hardrock
Lengd 36:09
Selskap Pye NSPL 18371
Produsent John Schroeder
Status Quo-kronologi 
Ma Kelly's Greasy Spoon
(1970)
Dog of Two Head Piledriver
(1972)


Singlar frå Dog of Two Head
  1. «Mean Girl»
    Utgjeve: 1973
  2. «Gerdundula»
    Utgjeve: 1973

Dog of Two Head er det fjerde studioalbumet til rockegruppa Status Quo, gjeve ut på Pye Records i 1971. Bandet bestod då av Francis Rossi (omtalt på omslaget som Mike Rossi), Rick Parfitt (omtalt som Ritchie Parfitt), Alan Lancaster og John Coghlan (omtalt som John Coughlan).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars [1]

I mars 1971 gav bandet ut ein singel som ikkje var på med på albumet, «Tune to the Music» skriven av Rossi/Young. Singelen vart ikkje ein hit. Bandet sette seg så ned for å skrive musikk til eit nytt album. Eit par av songane, som opningssporet «Umleitung» var skriven attende i 1970. Albumet kom ut november 1971.

Ein singel frå albumet, «Mean Girl» av Rossi og Young, nådde 20. plassen på den britiske singellista i april 1973, etter at dei hadde fått sin tredje topp ti-singel der med «Paper Plane» frå det neste albumet deira, Piledriver.

Då «Mean Girl» gjekk inn på lista, valde plateselskapet å gje ut enno ein singel frå dette albumet: ei nyinnspeling av «Gerdundula», B-sida til singelen deira «In My Chair» frå 1970. Denne kom ut i juli 1973, men gjekk ikkje inn på salslista. B-sida til denne singelen var «Lakky Lady» av Rossi og Parfitt, frå det førre albumet deira, Ma Kelly's Greasy Spoon.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Umleitung»Alan Lancaster, Roy Lynes7:11
2.«Nanana (Extraction I)»Francis Rossi, Bob Young0:51
3.«Something's Going on in My Head»Lancaster4:44
4.«Mean Girl»Rossi, Young3:53
5.«Nanana (Extraction II)»Rossi, Young1:11
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Gerdundula»Manston, James3:49
7.«Railroad»Rossi, Young5:30
8.«Someone's Learning»Lancaster7:08
9.«Nanana»Rossi, Young2:26
Bonusspor på utgåva frå 1995
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Tune to the Music» (ikkje utgjeven før)Rossi, Young3:36
11.«Good Thinking» (ikkje utgjeven før)Rossi, Rick Parfitt, Lancaster, John Coghlan, Young3:40
12.«Time to Fly»Lancaster4:18
13.«Nanana» (ikkje utgjeven før)Rossi, Young2:58
14.«Mean Girl» (ikkje utgjeven før)Rossi, Young3:58
Bonusspor på utgåva frå 2003
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Mean Girl» (Early Mix)Rossi, Young3:59
11.«Tune to the Music»Rossi, Young3:09
12.«Good Thinking»Rossi, Rick Parfitt, Lancaster, John Coghlan, Young3:43
13.«Mean Girl» (BBC Session)Rossi, Young 
14.«Railroad» (BBC Session)Rossi, Young 

Medverkande endre

Andre medverkande

Kjelder endre