Opna hovudmenyen
Plasseringa til Frans Josefs land

Bruceøya (russisk Остров Брюса eller Ostrov Brjusa) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho er 191 km² stor og det høgaste punktet er 301 meter over havet.

Bortsett frå eit særs lite område på vestsida er Bruceøya dekt av isbrear. Mys Pinegina er eit nes på austsida av øya.

Øya er kalla opp etter Henry Bruce, som tok over for jarlen av Northbrook som president i Royal Geographical Society.

Miereskanalen (Пролив Майерса) går mellom Bruceøya og Northbrookøya.

Sundet som går mellom Bruceøya og Zemlja Georga i vest vert kalla Nightingalekanalen (Proliv Najtingejl).

Nærliggande øyarEndra

  • Ostrov Mejbel (Остров Мейбел; Mabeløya) ligg 4 km sørvest for Bruceøya. Den sørlege delen av øya er ikkje dekt av is. Det høgaste punktet på denne øyar er 356 meter over havet. Ho er kalla opp etter kona til Alexander Graham Bell, Mabel Hubbard.
  • Ostrov Bell (Остров Белл; Belløya) er ei mindre øy utan is som ligg sørvest for Mabeløya. Mellom dei går eit smalt sund som berre er 500 meter breitt på det smalaste. Belløya er forma som ein halvmåne og har ei bukt som er open mot vest. Øya er kalla opp etter den skotsk-amerikanske oppfinnaren Alexander Graham Bell og må ikkje forvekslast med den større Graham Bell-øya, som òg er ein del av Frans Josefs land.
  • Ostrov Uinduord (Остров Уиндуорд; Windwardøya, «Vindsideøya») er ei lita øy som ligg like søraust Bruceøya.
  • Ostrov Toma (Остров Тома; Tomøya) er ei lita øy som ligg 3 km aust for Bruceøya.

KjelderEndra