Opna hovudmenyen

Madaba (arabisk مادبا) er eit guvernement i Jordan som ligg sørvest for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er byen Madaba. Guvernementet er det åttande største av 12 guvernement når det gjeld både folketal og areal i Jordan. Det grensar til Balqa guvernement i nord, Amman guvernement i aust, og Karak guvernement i sør, og Daudehavet i vest.

Madaba guvernement
محافظة مادبا
guvernement
Madaba10(js).jpg
Byen Madaba er hovudstaden i Madaba guvernement
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Distrikt 2
Byar Husban
Hovudstad Madaba
 - høgd 798 moh.
 - koordinatar 31°43′0″N 35°48′0″E
Areal 940 km² [1]
Folketal 159 700 (2012) [2]
Retningsnummer +(962)5
Urban 71.4%
Rural 28.6%
Madaba guvernement
Madaba guvernement
Wikimedia Commons: Madaba Governorate

HistorieEndra

 
Bronseslangeskulpturen på Nebofjellet.
 
Daudehavet frå Kempinski Hotel i Madaba guvernement.

Mange sivilisasjonar har heldt til i området til Madaba guvernement, mellom anna Moab, israelittane/jødar, nabatearane, romarar, og dei arabiske muslimrika.

Byen Madaba is er mest kjend for mosaikken frå bysantinarane og omajadane, særleg Madaba-kartet, eit stort mosaikk-kart over Palestina og Nilendeltaet frå bysantinsk tid.

Oldtida og BibelenEndra

Mange stader i Madaba guvernement er knytt til bibelske stader, som

  • Nebo: i følgje Bibelen, var det på dette fjellet Moses stod og kikka ut over Det lova landet. Nebo, som ligg like vest for byen Madaba, var ein del av Madaba bispedøme i bysantinsk tid. Her det oppdaga mosaikk ved minnesmerke for Moses i tillegg til i kyrkjer i landsbyen Nebo, i 'Uyun Musa-dalen og ved 'Ayn al-Kanisah, med inskripsjonar som daterer dei til tida kring biskopane i Madaba frå seint på 400-talet til midten av 700-talet.
  • Um er-Rasas (Kastron Mefaa) ligg på dei søraustlege steppene, og var òg ein del av bispedømet. Det ligg nær Wadi Mujib (Arnonelva), ei naturleg grense mellom i provinsen. Her finn ein mosaikk av St. Stephan i lag med Løvekyrkja (500- til 700-talet).
  • Mukawer ligg 15 km sør for Madaba, der visstnok lekamen til Johannes døyparen ligg etter han vart halshogd. Staden ligg på ein fjelltopp oppom Daudehavet.
  • Madaba-kartet: Det einaste komplette mosaikk-kartet av Jerusalem frå bysantinsk tid.

GeografiEndra

Madaba guvernement grensar til Amman guvernement i aust og Balqa guvernement i nord, Vestbreidda på andre sida av Jordanelva, og Daudehavet vest, og Karak guvernement i sør. Ma'in er ein landsby i Madaba med ei naturleg varmekjelde i form av ein liten foss.

Det er store klimaskilnader i guvernementet på grunn av store høgdeskilnader. Byen Madaba ligg 798 meter over havet, medan Daudehavet ligg kring 300 meter under havnivå.

Administrativ inndelingEndra

 
Ein gammal bydel i Madaba

Madaba er delt inn i to departement:

  • Madaba nahiya: med senter i Madaba, dette departementet omfattar òg 26 andre byar og landsbyar.
  • Dhiban nahiya: omfattar 44 byar og landsbyar, med administrativ senter i Dhiban

KjelderEndra

  1. DoS Jordan
  2. DoS Jordan