Karak guvernement

Karak (arabisk الكرك) er eit guvernement i Jordan, sørvest for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er Al Karak. Det grensar til Madaba og Amman guvernement i nord, Ma'an guvernement i aust, Tafilah guvernement i sør og Daudehavet i vest.

Karak guvernement
محافظة الكرك
region
Land  Jordan
Byar Mu'tah
Høgd 1 000 moh.
Koordinatar 31°09′53″N 35°45′43″E / 31.16472°N 35.76194°E / 31.16472; 35.76194
Hovudstad Al Karak
Areal 3 495 km²
Folketal 249 100  (2012)[1]
Retningsnummer +(962)3
Kart
Karak guvernement
31°09′53″N 35°45′43″E / 31.164722°N 35.761944°E / 31.164722; 35.761944
Karak guvernement i Jordan.
Karak guvernement i Jordan.
Karak guvernement i Jordan.
Wikimedia Commons: Karak Governorate

Historie endre

 
Kerak krossfararborg i Al Karak er ei av dei største borgene i Levanten.

Oldtida endre

Området som Karak guvernement dekkjer var ein gong ein del av Kongedømet Moab, i det første tusenåret fvt. Ein trur hovudstaden deira låg nær byen Al Karak, som vart kalla Qir av Moab.

Ei kort stund var området til Karak guvernement under persisk styre, før nabatearane tok kontroll over det fram til romarane invaderte Levanten og okkuperte hovudstaden deira Petra. Etter at bysantinarane fekk kontroll over området, oppretta dei ein vasallstat styart av ghassanidane. Byen Mu'tah var åstad for det første slaget mellom dei muslimske arabarane og Austromarriket i slaget ved Mu'tah i 629.

krossfararane kom hit, vart fyrstedømet Kerak grunnlagd, som vart eit senter for kampane mellom ajjubidane og krossfararane.

Geografi endre

Karak guvernement ligg langs søraustkysten av Daudehavet og fjellkjeda kjend som Moabfjella. Wadi Mujib vart i Bibelen kalla Arnonelva og flyt gjennom fjella i Karak guvernement og ut i Daudehavet. Byane i guvernement ligg i høgder som varierer frå over 1000 meter over havet i sør, til 800 meter over havet i nord, til kring 350 meter under havnivå i Gour Al Safi nahiya.

Demografi endre

I 2004 hadde Karak guvernement 204 185 innbyggjarar, som er 4 % av folketalet i Jordan. Det estimerte folketalet i 2010 er kring 239 000.[1][2]

Administrativ inndeling endre

Karak guvernement er delt inn i 10 nahiyaer:

Nahiyaer i Karak guvernement etter folketal (2004)

 

Karak nahiya

  Sør-Mazar nahiya

  SørAghwar nahiya

  Qasr nahiya

  Gour Al-Mazra'a nahiya

Nahiya Arabisk namn Areal Folketal [3] Adm. senter

  Faqou' nahiya

  Aii nahiya

  Moab nahiya

  Qatraneh nahiya

  Moujeb nahiya

1 Al-Qasabah nahiya لواء قصبة الكرك omfattar byen Al Karak og 35 andre byar og landsbyar 64 850 Al Karak
2 Sør-Mazar nahiya لواء المزار الجنوبي omfattar 30 byar og landsbyar 57 191 Mu'tah
3 Sør-Aghwar nahiya لواء الاغوار الجنوبية omfattar seven byar og landsbyar 32 446 Safi
4 Al-Qasr nahiya لواء القصر omfattar ni byar og landsbyar 20 860 Rabba
5 Gour Al-Mazra'a nahiya قضاء غور المزرعة omfattar seks byar og landsbyar 12 743 Gour Al-Mazra'a
6 Faqou' nahiya لواء فقوع omfattar seks byar og landsbyar 12 178 Faqou'
7 Aii nahiya لواء عي omfattar fire byar og landsbyar 9 711 Aii
8 Moab nahiya قضاء مؤاب omfattar fem byar og landsbyar 9 692 Husseiniya
9 Qatraneh nahiya لواء القطرانة omfattar fire byar og landsbyar 6 949 Qatraneh
10 Moujeb nahiya قضاء الموجب omfattar fem byar og landsbyar 5 818 Mugheer
Kjelde: وزارة الداخلية - الأردن Jordansk innanriksdepartement

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 http://www.sabeq-jordan.org/SABEQ_Public/sabeq_public_master_arabisk.aspx?Site_Id=5&Page_Id=759[daud lenkje] Al-Karak
  2. DoS Jordan, arkivert frå originalen 12. oktober 2017, henta 4. oktober 2015 
  3. 2004 census (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. juli 2011, henta 4. oktober 2015