Republikken Pisa var ein de facto sjølvstendig stat rundt byen Pisa i Toscana på 900- og 1000-talet. Han var lenge det mektigaste handelssenteret i Middelhavet før Republikken Genova etter kvart tok over denne rolla. Makta til Pisa som ein mektig sjøfartsnasjon voks fram og nådde toppen på 1000-talet då han vart ein av dei fire maritime republikkane i Italia.

Italia og Republikken Pisa på slutten av 900-talet.

Vegen til toppen endre

På denne tida var byen eit svært viktig handelssenter og kontrollerte store delar av handelsflåten og marinen i Middelhavet. Republikken utviuda områda sine med å plyndre Reggio Calabria i 1005 i Sør-Italia. Pisa var i stadig konflikt med sarasenarane, som hadde basar på Sardinia og Korsika, om makta i Middelhavet. I 1017 vart Sardinia erobra, i ein allianse med Genova. Sigeren gav Pisa overmakta i Tyrrenhavet. Då pisarane etter kvart kasta genuesarane ut av Sardinia kom dei i konflikt med kvarandre og dei vart erkerivalar. Mellom 1030 og 1035 erobra Pisa fleire byar på Sicilia, i tillegg til Kartago i Nord-Afrika. I 1051-1052 erobra admiral Jacopo Ciurini Korsika og Genova følte seg meir krenkt. I 1063 støtta PIsa normannaren Roger med å erobre Sicila.

I 1060 oppstod det første slaget mellom Pisa og Genova. Pisa vann og stadfesta posisjonen sin i Middelhavet. Pave Gregor VII respekterte i 1077 dei nye «Lovene og skikkane for havet» som Pisa hadde innført og keisar Henrik IV av Det tysk-romerske riket gav dei rettar til å oppnemne sitt eige råd. I 1092 gav pave Urban II Pisa råderett over Korsika og Sardinia og samstundes gjorde han Pisa til erkebispesete. Pisa plyndra byen Mahdia i Tunisia i 1088. Fire år seinare hjelpte skip frå Pisa og Genova Alfonso VI av Castilla med å drive El Cid ut av Kongedømet Valencia.

Pisa og krossfararane endre

Ein flåte på 120 skip frå Pisa tok del i Det første krosstoget og pisarar var medverkande til å erobre Jerusalem i 1099. På veg til Det heilage landet nytta flåten høvet til å plyndre austromerske øyar. Flåten var ført av erkebiksopen deira Daibert, den framtidige patriarken i Jerusalem.

Pisa og dei andre maritime republikkane nytta høvet til å opprette handelsstasjonar og koloniar i dei austlege kystområda som Syria, Libanon og Palestina. Pisa grunnla koloniar i Antiokia, Akko, Jaffa, Tripoli, Tyre, Joppa, Latakia og Accone. Dei hadde òg eigedomar i Jerusalem og Caesarea, pluss mindre koloniar i Kairo, Alexandria og Konstantinopel der den austromerske keisaren Alexius I Comnenus gav dei spesielle kaiplassar og handelsrettar. I alle desse byane fekk Pisa privilegia og var fritatt skatt, men måtte medverke til forsvaret av byane. I nokre år var Pisa den viktigaste allierte til Austromarriket, til og med viktigare enn Venezia.

Nedgangen til PIsa endre

Pisa som ei internasjonal stormakt vart øydelagd for alltid då flåten deira tapte slaget ved Meloria mot dei undertalige genuesarane i 1284. Dei mista då dei fleste galleiane sine og mange sjømenn vart teke til fange. I 1290 øydela Genova sine skip hamna i Pisa.

Som ein del av Visconti sine eigedommar etter 1399 vart Pisa så seld til Firenze i 1402, og etter blodig og fånyttes motstand vart republikken erobra i 1406.

Kjelder endre