Magdalenakjerrsporv
Magdalenakjerrsporv (Atlapetes fuscoolivaceus) er ein fugl i amerikasporvfamilien, Passerellidae, og er endemisk for Huila-departementet i sørvestre Colombia.
Magdalenakjerrsporv | |
Magdalenakjerrsporv Foto: Ron Knight
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av Magdalenakjerrsporv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Amerikasporvfamilien Passerellidae |
Slekt: | Atlapetes |
Art: | Magdalenakjerrsporv A. fuscoolivaceus |
Vitskapleg namn | |
Atlapetes fuscoolivaceus |
Skildring
endreMagdalenakjerrsporven er ein skittengrøn og gul sporv med kraftig svart nebb og lang hale. Hovudet er mørkt, grågrønt, oversida olivengrøn, strupen og brystet gult. Undersida er gul med olivenskjær. Han har ei kroppslengd på ca. 18 centimeter og veg rundt 33 gram.[1]
Utbreiingsområdet er i øvre Magdalenadalen i området 1600-2400 moh., og er monaleg lite, ca. 1,200 km2. Habitatet for arten ligg i utkanten av fuktig skog, undervegetasjon, tette buskar og låg gjenreist skog med opningar. Her beitar magdalenakjerrsporvane på bakken eller opp til 6 meter opp i vegetasjonen.
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som nær truga.[2]
Kjelder
endre- Jaramillo, A. (2011) Dusky-headed Brushfinch (Atlapetes fuscoolivaceus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. november 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Atlapetes fuscoolivaceus. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. november 2015
- Referansar