Atlapetes
Atlapetes er ei biologisk slekt av kjerrsporvar som lever i nokså høgtliggande område i neotropane, inkludert Andes, og er medlem av amerikasporvfamilien, Passerellidae.
Atlapetes | |
Skiferkjerrsporv, Atlapetes schistaceus Illustrasjon av Joseph Smit, 1875 | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Amerikasporvfamilien Passerellidae |
Slekt: | Atlapetes Wagler, 1831 |
Skildring
endreDette er ei slekt av 28 (31) mellomstore kjerrsporvar.[1] Artslista inkluderer òg fuglar som tidlegare var klassifiserte i 2 andre slekter, og slekta er per oktober 2017 den største i amerikasporvfamilien.
Kroppslengda for ein Atlapetes-kjerrsporv er typisk 15 til 18 centimeter. For mange av artane har fjørdrakta gult bryst og underside, mørk oliven til grå overside. Hovudet har ofte mørkare hette, hos nokre artar med raudbrun farge. Unntaket er gulhovudkjerrsporv som har einsfarga gult hovud med olivenskjer, og olivenfarga overside. Nær halvparten av artane manglar gult i buken og har i staden stort sett grå, ofte lys grå underside.
Brunkronekjerrsporv, Atlapetes pileatus, lever på fjellplatå i Mexico, mellom 900 og 3500 moh. Tepuikjerrsporv, Atlapetes personatus, finn ein i sørvestre Venezuela og litt inn i tilgrensande område av Brasil og Guiana. Kvitkronekjerrsporv har ei vid utbreiing frå nordlegaste Ecuador, gjennom Andes i Colombia, Sentral-Amerika og til Mexico.[2] Dei andre artane er grovt rekna knytt til Andes, frå Argentina og Bolivia til Colombia og Venezuela.
Her lever dei i underskog i utkanten av høgtliggande skog. Artane har mykje lik læte og er vanskelig å identifisere når dei berre er høyrt.
Artslista
endreAtlapetes i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Brunkronekjerrsporv, Atlapetes pileatus, Rufous-capped Brushfinch, Wagler, 1831, (LC)
- Kvitkronekjerrsporv, Atlapetes albinucha, White-naped Brushfinch, Lafresnaye & D'Orbigny, 1838, (LC)
- Mustasjekjerrsporv, Atlapetes albofrenatus, Moustached Brushfinch, Boissonneau, 1840, (LC)
- Tepuikjerrsporv, Atlapetes personatus, Tepui Brushfinch, Cabanis, 1848, (LC)
- Santamartakjerrsporv, Atlapetes melanocephalus, Santa Marta Brushfinch, Salvin & Godman, 1880, (LC)
- Kanelkjerrsporv, Atlapetes semirufus, Ochre-breasted Brushfinch, Boissonneau, 1840, (LC)
- Gulhovudkjerrsporv, Atlapetes flaviceps, Yellow-headed Brushfinch, Chapman, 1912, (EN)
- Magdalenakjerrsporv, Atlapetes fuscoolivaceus, Dusky-headed Brushfinch, Chapman, 1914, (NT)
- Brillekjerrsporv, Atlapetes leucopis, White-rimmed Brushfinch, Sclater & Salvin, 1878, (LC)
- Kvithovudkjerrsporv, Atlapetes albiceps, White-headed Brushfinch, Taczanowski, 1884, (LC)
- Raudhovudkjerrsporv, Atlapetes rufigenis, Rufous-eared Brushfinch, Salvin, 1895, (NT)
- Gullkronekjerrsporv, Atlapetes tricolor, Tricolored Brushfinch, Taczanowski, 1874, (LC)
- Skiferkjerrsporv, Atlapetes schistaceus, Slaty Brushfinch, Boissonneau, 1840, (LC)
- Bleiknakkekjerrsporv, Atlapetes pallidinucha, Pale-naped Brushfinch, Boissonneau, 1840, (LC)
- Antioquiakjerrsporv, Atlapetes blancae, Antioquia Brushfinch, Donegan, 2007, (CR)
- Rustkronekjerrsporv, Atlapetes latinuchus, Yellow-breasted Brushfinch, Du Bus, 1855, (LC)
- Kvitvengkjerrsporv, Atlapetes leucopterus, White-winged Brushfinch, Jardine, 1856, (LC)
- Bleikhovudkjerrsporv, Atlapetes pallidiceps, Pale-headed Brushfinch, Sharpe, 1900, (EN)
- Inkakjerrsporv, Atlapetes seebohmi, Bay-crowned Brushfinch, Taczanowski, 1883, (LC)
- Kanelbukkjerrsporv, Atlapetes nationi, Rusty-bellied Brushfinch, Sclater, 1881, (LC)
- Apurimackjerrsporv, Atlapetes forbesi, Apurimac Brushfinch, Morrison, 1947, (LC)
- Maskekjerrsporv, Atlapetes melanopsis, Black-spectacled Brushfinch, Valqui & Fjeldså, 2002, (EN)
- Vilcabambakjerrsporv, Atlapetes terborghi, Vilcabamba Brushfinch, Remsen, 1993, (NT)
- Cuscokjerrsporv, Atlapetes canigenis, Cuzco Brushfinch, Chapman, 1919, (LC)
- Svartmaskekjerrsporv, Atlapetes melanolaemus, Black-faced Brushfinch, Sclater & Salvin, 1879, (LC)
- Boliviakjerrsporv, Atlapetes rufinucha, Bolivian Brushfinch, Lafresnaye & D'Orbigny, 1837, (LC)
- Brunhovudkjerrsporv, Atlapetes fulviceps, Fulvous-headed Brushfinch, Lafresnaye & D'Orbigny, 1837, (LC)
- Gulbrynkjerrsporv, Atlapetes citrinellus, Yellow-striped Brushfinch, Cabanis, 1883, (LC)
IOC World Bird List, versjon 7.3, rangerer opp artane mustasjekjerrsporv, gullkronekjerrsporv og rustkronekjerrsporv kvar i to sjølvstendige artar slik desse taksona òg reknas som sjøvstendige artar:
- A. meridae, (Sclater, PL & Salvin, 1871)[4]
- A. crassus, (Bangs, 1908)[5]
- A. nigrifrons, (Phelps & Gilliard, 1940)[6]
I tillegg til ulike rangeringar av takson blant dei to autoritetane, gjev dei ulik rekkefølge innenfor slekta.
Kjelder
endre- Ridgely, Robert S.; Tudor, Guy (1. juni 2009). Field Guide to the Songbirds of South America: The Passerines. University of Texas Press. ISBN 978-0-292-71748-0.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑ Rising, J. (2017) White-naped Brushfinch (Atlapetes albinucha) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
- ↑ del Hoyo, J. & Collar, N. (2017) Merida Brush-finch (Atlapetes meridae) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2017). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. oktober 2017
- ↑ del Hoyo, J. & Collar, N. (2017) Choco Brush-finch (Atlapetes crassus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2017). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. oktober 2017
- ↑ del Hoyo, J. & Collar, N. (2017) Black-fronted Brush-finch (Atlapetes nigrifrons) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2017). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. oktober 2017