Magni Øvrebotten

Magni Øvrebotten (fødd 12. juni 1954) er ein norsk journalist, redaktør, og målkvinne frå Botnane i Bremanger.[1]

Magni Øvrebotten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juni 1954 (69 år)
Bremanger kommune
Yrke redaktør, journalist
Ektefelle Åsmund Berthelsen

Ho var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane frå 1990 til 2004, og leiar for Nynorsk Mediesenter frå 2004 til 2021.[2]

Ho har vore busett i Naustdal sidan 1982 med ektemannen Åsmund Berthelsen og born.[1]

Bakgrunn endre

Øvrebotten voks opp på ein gard der ho var den eldste av tre sysken. Ho tok tidleg del i gardsarbeidet, og lærte seg å vera sjølvstendig.[1] Då ho var 14-åring måtte ho flytta til industribygda Svelgen for å ta framhaldskule.[1]

Journalist endre

Alt som 8-åring bestemte Øvrebotten seg for å bli journalist, og 17 år gamal fekk ho sommarjobb i Gula Tidend, der Per Håland var redaktør.[1] Avisa hadde rykte på seg til å vere ein tøff arbeidsstad, og i pressekrinsar heitte det at «overlever du som journalist i Gula Tidend, så er det ikkje anna råd enn at du må bli det.»[1]

Målkvinne endre

I Botnane var nynorsk målet då Magni Øvrebotten vaks opp.[1] Då ho i vaksen alder vart ei målkvinne og kjempa for eigen og andre sin rett til å skrive på nynorsk, meiner Øvrebotten sjølv at det kan sporast tilbake til historier bestemor hennar fortalde; Bestemora måtte skrive dansk på skulen, og syns det var forferdeleg fordi ho tykte aldri ho vart god nok i norsk. Denne uretten gjorde eit sterkt inntrykk på barnebarnet.[1]

Utdanning og arbeid endre

Innimellom folkehøgskule, gymnas og journalisthøgskule var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommen og hadde sommarjobb i ulike aviser.[1] I avisa Nationen ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje.[1] Frå 1980 arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane, fem år som journalist, fem som redaksjonssjef og 14 som distriktsredaktør.[1] I 2004 vart ho leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, som vart oppretta i Førde i 2002.[1]

Ho sat i interimsstyret for Språkrådet frå 2004 til 2006 og var nestleiar i styret der frå 2006 til 2010.[2]

Øvrebotten vart tildelt Nynorsk redaktørpris i 2013.[2]

Ho fekk Kringkastingsprisen i 2021.[3]

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 «Magni Øvrebotten: journalist, NRK-redaktør og målkvinne.». Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane. Arkivert frå originalen 1. oktober 2018.  (CC-BY-CA)
  2. 2,0 2,1 2,2 Øyvind Holen; Ottar Grepstad (31. august 2022). «Magni Øvrebotten». Store Norske Leksikon. 
  3. Kringkastingsprisen – Kringkastingsringen, henta 9. juni 2023