Magnis i Carvoran
Magnis eller Magna (Magnae Carvetiorum) var ein romersk festning ved Hadrianmuren nord i Britannia. Ruinane er no kjende som Carvoran Roman Fort og ligg nær Carvoran i Northumberland i Nord-England. Ein trur festningen blei plassert her i samband med romarvegen Stanegate, før ein bygde Hadrianmuren. Festningen er ikkje fysisk tilknytt muren. Vallum-grøfta går til skilnad frå mange andre stader nord for festningen, og skil han dermed frå muren.
Magnis | |||
| |||
Magnis i Carvoran 54°59′06″N 2°31′28″W / 54.9849°N 2.5244°W |
---|
På staden ligg det no eit museum, Roman Army Museum.
Namn
endreFestningen ved Carvoran blir vanlegvis identifisert som den 'Magnis' som er nemnd både i Ravenna-kosmograpfien og Notitia Dignitatum.[1] Vidare prov for namnet kjem frå eit innskriftfragment (RIB 1825) som William Hutchinson skal ha sett i 1766 men som no er gått tapt, men som viste til «numerus Magne<c>e(n)s(ium)» ('frå eininga ved Magn[...] ....').[2][3] Namnet kunne vore ei latin nominativform Magni, eller Magna,[4] og festningen blir også nokre gonger kalla «Magna» i dag.[2] Namnet tyder 'stor' på latin, og passar dårleg på denne relativt vesle festningen.[5] Det er gjort framlegg om at namnet kjem frå det keltiske ordet maen som tyder 'stein'.[6][7]
Festningen
endreMagna blei opphavleg bygd for å vakta krysset mellom romarvegane Maiden Way (som gjekk frå nord til sør) og Stanegate (som gjekk frå vest til aust), hovudtilførselsvegen mellom Coria (Corbridge) i aust og Luguvalium (Carlisle) i vest. Festningen er såleis eldre enn Hadrianmuren. Ruinane ligg ved Carvoran i Greenhead civil parish iNorthumberland i England. Magna er ein av 16 romerske festningar langs Hadrianmuren. Det var også 80 mindre milecastle-festningar og 158 vakttårn langs heile muren. Maiden Way ran sør frå Magna til Bravoniacum (Kirkby Thore nær Penrith). Det låg ein festning midtvegs mellom desse to på Maiden Way, Whitley Castle eller Epiacum, like nord for noverande Alston i Cumbria, med sjølve festningen like over fylkesgrensa i Northumberland.
Fem hundre bogeskyttarar frå Hama, kjende som Cohors Prima Hamiorum Sagittaria, var stasjonerte ved Magna frå år 120.[8]
Roman Army Museum
endreRoman Army Museum ved Magna blir drive av Vindolanda Trust. Som museet ved Vindolanda blei Roman Army Museum modernisert og gjenopna i 2011. Museet skildrar grenselivet ved den nordlege grensa til Romarriket. Museet viser både funn frå romartida, som våpen og verktøy, replikaer i full storleik, ein 3D-film om Hadrianmuren i fortid og samtid, og ei stor tidsline for Hadrianmuren. Det er også eit galleri vigd keisar Hadrian sjølv.[9]
Bakgrunnsstoff
endre- Birley, Robin (1998). The Fort at the Rock: On Hadrian's Wall: Magna and Carvoran. Vindolanda Trust. ISBN 978-1-873136-56-0.
Kjelder
endre- ↑ Frere, S. S. (1987). Tabvla Imperii Romani: Britannia Septentrionalis. Oxford University Press. s. 19. ISBN 978-0-19-726059-3.
- ↑ 2,0 2,1 Taylor, David (2000). The Forts on Hadrian's Wall: A Comparative Analysis of the Form and Construction of Some Buildings. Archeopress. s. 118. ISBN 978-1-84171-076-1.
- ↑ De la Bédoyère, Guy (1999). Companion to Roman Britain. Archeopress. s. 82. ISBN 978-0-7524-1457-7.
- ↑ Bevan, James Oliver (1917). The towns of Roman Britain. Chapman & Hall.
- ↑ Historic England. «Carvoran Roman fort and Hadrian's Wall and vallum (1010991)». National Heritage List for England. Henta 17. mars 2015.
- ↑ McClure, Edmund (1910). British place-names in their historical setting. E.S. Gorham. s. 331.
- ↑ Wilson, Roger John Anthony (2002). A guide to the Roman remains in Britain. Constable. ISBN 978-0-09-468680-9.
- ↑ «The Hamians». romanarmy.net.
- ↑ Birley, R. (2012). Vindolanda Guide: the home of Britain's finest treasures. Roman Army Museum Publications. s. 2 and 43.
- Denne artikkelen bygger på «Magnis (Carvoran)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- "Magnis Carvetiorum" at Roman Britain Online
- "Hadrian's Wall: Carovoran Fort (Magna)" at North of the Tyne