Magnus G. Oppen
Magnus Gothilf Oppen (4. september 1835–1. mars 1913) var ein norsk trelasthandlar, skipsbyggjar og stortingsmann for Høgre, fødd i Elverum. Han var far til Magnus H. Oppen.
Magnus G. Oppen | |||
Fødd | 4. september 1835 Elverum | ||
---|---|---|---|
Død | 1. mars 1913 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | reiar, politikar | ||
Barn | Magnus Hesselberg Oppen | ||
Alle verv |
|
Oppen var son til ein offiser. Han var først sjømann, sidan gjekk han skule i England og Frankrike, der han lærte språk og studerte skipsbyggjing. Sidan arbeidde han fem år på eit skipsreiar- og trelastkontor i Noreg. Frå 1860 dreiv han med eksport av trelast frå eige sagbruk i Tjølling. I 1865 byrja han i tillegg med skipsbyggjing i same heradet. Største skipet han bygde, eit seglskip i tre kalla «Excelsior» var på 1 400 tonn.
Han var medlem av heradsstyret i Tjølling frå 1872 til -90, i fjorten av åra var han ordførar. Elles formann i Norsk Skibsrederforening i mange år.
Oppen representerte Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1889-91 og 1900-06. På alle tre tingsamlingane var han medlem av tollkomiteen. Elles var han medlem av særkomiteen om sjødugleiken til skip 1901-02 og av valkomiteen 1903-06.
Han døydde på garden sin, Gloppe i Tjølling, i 1913.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914