Malakitt

Malakitt er eit grønt, sekundært koparmineral som finst særs utbreitt på koparførekomstar, ofte saman med azuritt. Kjemisk sett er det eit basisk koparkarbonat, Cu2CO3(OH)2. Det krystalliserer monoklint og opptrer oftast i fibrig eller massiv form.

Malakitt
Malachite, Zaire.jpg
Malakitt frå Kongo
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelCu2CO3(OH)2
Strunz-klassifisering05.BA.10
Identifikasjon
Molekylvekt221,1 g/mol
FargeLys grøn, mørk grøn, svartaktig grøn, vanlegvis banda i massar; grøn til gulaktig grøn i transmittert lys
KrystallformMassiv, botryoidal, stalkittisk, krystallar er nålforma til tavleforma prismatisk
KrystallsystemMonoklin—prismatisk H-M-symbol (2/m) Romgruppe P21/a
TvillingVanleg som kontakt eller penetrerande tvillingar på {100} og {201}. Polysyntetisk tvilling finst òg.
Kløyvperfekt på {201} god på {010}
BrotUndermuslig til ujamn
Mohs hardleiksskala3,5–4,0
GlansDiamantaktig til glasaktig; silkeaktig om trådaktig; matt til jordaktig visst massiv
Strekfargelysegrøn
TransparensGjennomskinneleg til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt3,6–4
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (–)
Brytingsindeksnα = 1,655 nβ = 1,875
nγ = 1,909
Dobbeltbrytingδ = 0,254
Kjelder[1][2][3]

Einskilde stader i verda er det av tyding som koparmalm, som i Afrika, Australia, USA og Russland). Det vert òg nytta som smykkestein og til prydgjenstandar. Fint malt og slemd malakitt blir kalla berggrønt eller malakittgrønt og blir nytta som malarfarge.

Det er òg kjent i små mengder frå Noreg.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Malakitt