Opna hovudmenyen

Malgorzata Piotrowska (fødd 18. januar 1957) er ein polsk-norsk illustratør og forfattar fødd i Warszawa i Polen og busett i Noreg sidan 1987.

Malgorzata Piotrowska
Fødd 18. januar 1957
Warszawa
Yrke illustratør

Piotrowska har utdanning frå Kunstakademiet i Warszawa. Ho har illustrert ei svært stor mengde biletbøker, både med eigne og andre sine tekstar. Bileta hennar er kjenneteikna av naivistiske figurar, ein fri og fargesterk akvarellteknikk og påverknad frå aust- og mellomeuropeisk bilettradisjon.

Piotrowska fekk Ordknappen i 2007 for Spurvegutten. I 2016 fekk ho Brageprisen i open klasse, sakprosa for born og unge saman med forfattaren Gudny Ingebjørg Hagen for Fest og feiring.[1]

KjelderEndra

  1. «Vinnere av Brageprisen 2016». Brageprisen.no. 23. november 2016. Henta 6. september 2017. 

BakgrunnsstoffEndra