Man of Constant Sorrow

Man of Constant Sorrow
Song av Dick Burnett
Innspelt 1927 (ikkje utgjeven)
Sjanger Vise
Selskap Columbia
Komponist trad
Tekstforfattar trad
Låtskrivar(ar) Tradisjonell

«Man of Constant Sorrow» er ein tradisjonell amerikansk folkesong som først vart spelt inn av Dick Burnett, ein delvis blind felespelar frå Kentucky. Songen vart spelt inn av Burnett som «Farewell Song» og trykt i ei songbok om lag 1913. Ei tidleg utgåve vart spelt inn av Emry Arthur i 1928 (Vocalion Vo 5208).

Historie endre

Det er usikkert om Dick Burnett skreiv songen sjølv. Om Burnett skreiv songen, så gjorde han det truleg rundt 1913. Det andre verset i songen nemner at songaren hadde vore blind i seks år, noko Burnett vart i 1907. Kanskje tilpassa Burnett teksten ut frå ein eldre song.[1]

I 1918 tok Cecil Sharp songen og gav han ut som «In Old Virginny» (Sharp II, 233).

Bluegrassgruppa The Stanley Brothers gjorde songen kjend. Ifølgje Ralph Stanley var songen to-tre hundre år gammal, og dei lærte han av faren, samt la til litt meir tekst og gav han namnet «I'm a Man of Constant Sorrow».[2]

Innspelingar endre

  • Songen vart spelt inn av Emry Arthur i 1928.
  • Han vart popularisert av Stanley Brothers i 1951 og vart seinare gjeven ut ei rekkje gongar.
  • Ei utgåve av songen, «Girl of Constant Sorrow», var på albumet Joan Baez.
  • Innspeling av Roscoe Holcomb (Daisy Kentucky) i 1961–1962 med eit arrangement meir lik Bob Dylan si utgåve enn Stanley Brothers si.
  • Songen finst på debutalbumet til Bob Dylan frå 1962 og Dylan spelte songen første gong han spelte på nasjonalt fjernsyn i 1963.
  • Peter, Paul and Mary spelte inn songen som «Sorrow» på debutalbumet deira i 1962.
  • Judy Collins sitt debutalbum, Maid of Constant Sorrow frå 1961, tok namnet frå ein variant av songen, som òg finst her.
  • Han vart spelt av Waylon Jennings på albumet Folk-Country i 1966.
  • Rod Stewart spelte songen på debutalbumet sitt som soloartist i 1969.
  • Han vart spelt inn av Ginger Baker's Air Force på deira sjølvtittulerte debutalbum i 1970, sunge av Denny Laine. Det var den einaste singelen til bandet og nådde 36. plass i USA og 86. plass i Storbritannia.
  • Ei a capella-utgåve finst på The Dillards sitt album Roots and Branches frå 1972.
  • Jackson Browne og den irske trekkspelaren Sharon Shannon spelte inn ei utgåve av songen i 2000. Han finst på albumet The Diamond Mountain Sessions.
  • Songen finst i filmen O Brother, Where Art Thou? frå 2000 med tittelen «I Am a Man of Constant Sorrow». Han vert framført av dei fiktive Soggy Bottom Boys i filmen og vart spelt inn av Dan Tyminski, Harley Allen og Pat Enright. Han vart ein hit i filmen for the Soggy Bottom Boys og vart seinare ein hitsingel i den verkelege verda. Han fekk ein CMA-pris for årets singel og ein Grammy for beste countrysamarbeid med vokal. Singelen nådde 35. plass på Hot Country Songs-lista.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Charles K Wolfe, James E Akenson, Country Music Annual 2002, s.28
  2. Stanley diskuterer songen på Diane Rehm Show, arkivert frå originalen 16. oktober 2009, henta 17. oktober 2009