Mandinka
Mandinka eller mandingo er eit mandespråk som blir tala av mandinkafolk i store delar av Vest-Afrika. Mandinka er fyrstespråket til litt over 1,3 millionar menneske – om lag 670 000 i Senegal, 510 000 i Gambia og 167 000 i Guinea-Bissau.[1] Det er eitt av hovudspråka i Gambia. Språket høyrer til manding-greina av mandespråka, og liknar ganske mykje på bambara og maninka (malinke).
Mandinka (mandingo) | ||
Klassifisering | Nigerkongo Mande Vestmande Manding Mandinka | |
Bruk | ||
Tala i | Mali Senegal Gambia Guinea Elfenbenskysten Burkina Faso Sierra Leone Liberia Guinea-Bissau | |
Mandinka (mandingo)talande i alt | 1 200 000 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | mnk |
Ortografi
endreMandinka kan skrivast med latinsk, arabisk skrift eller N'Ko. Latinsk er offisiell skrift, men arabisk er meir utbredt. I tillegg brukes N'Ko-alfabetet fra 1949 en del.
Med latinsk skrift representerer c lyden /ʧ/, ŋ /ŋ/, og ñ /ɲ/. Bokstavane v, x, z, og q vert ikkje brukt. Vokalar er som i spansk, og blir dobla for å visa lengde eller skilja ord som elles er homofone.
Det arabiske skriftsystemet bruker ingen ekstra teikn (bortsett frå eit ekstra vokalmerke for «e» i sjeldne tilfelle), men nokre av bokstavane har ulik uttale i høva til arabisk.
Tilhøvet mellom latinske og arabiske konsonanter er som følgjer:
Arabisk | ا | ع | ب | ت | ط | ض | ج | ه | ح | خ | د | ر | س | ش | ص | ث | ظ | ڢ | ل | م | ن | و | ي | ك | لا |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Latinsk | ('), aa, ee | (', med madda ŋ) | b, p | t | t | t | c, j | h | h | d | r | s | s (sh) | s | s | s | f | l | m | n, ñ, ŋ | w | y | k, g | la |
Bokstavane i kursiv er ikkje i vanleg bruk i mandinka. ه (h) kan også brukast for å indikera ein avsluttande glottal plosiv, som ikkje blir notert med den latinske skrifta. Bokstaven ŋ i den latinske skrifta er ofte indikert med vokalteikn i arabisk skrift.
Vokalane samsvarer som følgjer:
Arabisk | ـَ | ـِ | ـُ | ـْ | ـִ | ـً | ـٍ | ـٌ | ـَا | ـِي | ـُو |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Latinsk | a, e | i, e, ee | o, u | (ingen påfølgjande vokal) | e | aŋ, eŋ | iŋ, eeŋ, eŋ | oŋ, uŋ | aa | ii | oo, uu |
Mandinka-navn på arabiske merke: | sira tilidiŋo; | sira tilidiŋo duuma; | ŋoo biriŋo; | sira murumuruliŋo; | tambi baa duuma; | sira tilindiŋo fula; | sira tilindiŋo duuma fula; | ŋoo biriŋo fula. |
I tillegg kan ein liten arabisk 2 (۲) brukast for å visa reduplikasjon, og hamzaen kan brukes som i arabisk for å visa glottale plosivar meir presist.
Bakgrunnsstoff
endre- Språkressurser for Wolof og Mandinka Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- R. T. Addis, A Study on the Writing of Mandinka in Arabic script, 1963. Oppgjeve av Wikipedia på bokmål.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Mandinka» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2013.