Opna hovudmenyen

Maria Manuela Castro Machado (fødd 9. august 1963) er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Viana do Castelo som i 1995 vart verdsmeister 1995 i maratonløping og attpå tofaldig europameister, 1994 og 1998, i same øvinga.

Manuela Machado
Statsborgarskap Portugal
Fødd 9. august 1963
Viana do Castelo
Idrett friidrett
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar

Machado var gjennom 1990-åra i mange sesongar den beste maratonløparen i Europa på kvinnesida. Ho sikra seg sølvmedaljen i maraton under Friidretts-VM 1993, sju sekundar framom japanske Tomoe Abe, ein annan japansk løpar, Junko Asari, vart verdsmeister. I 1994 vann Machado gullmedaljen i maraton ved EM 1994, medan ho året etter også sprang inn til gullmedalje då VM 1995 fann stad i Göteborg. To år etter var ho sjanselaus mot japanske Hiromi Suzuki i maratonløpet under verdsmeisterskapen 1997 i Aten, men tok elles ein klar sølvmedalje. Ved EM 1998 i Budapest forsvarte Machado meistertittelen i maraton frå 1994.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra