Tahitisk er eit polynesisk språk som blir snakka i det franske territoriet Fransk Polynesia i Stillehavet. Språket blir hovudsakleg tala på Selskapsøyane, mellom anna Tahiti. Saman med fransk er det offisielt språk i Fransk Polynesia.

Tahitisk
Reo Tahiti, Reo Mā`ohi
Klassifisering Austronesisk
 Malayo-polynesisk
  Austleg
   Oseanisk
    Polynesisk
     Kjernepolynesisk
      Tahitiske språk
       Tahitisk
Bruk
Tala i  Fransk Polynesia
Område Polynesia
Tahitisktalande i alt 46 577 (2007) (hovudspråk heime)[1]
Språkkodar
ISO 639-1 ty
ISO 639-2 tah
ISO 639-3 tah
Wikipedia på tahitisk

Ved folketeljinga i 2007 oppgav 46 577 tahitisk som hovudspråk heime.[1] Ved folketeljinga i 1977 blei det teld 124 262 takarar.[2]

Ernest Marchal snakkar tahitisk og fransk, og syng ein tahitisk voggesong.

Slektskap endre

Tahitisk er nært i slekt med andre innfødde språk i Fransk Polynesia (marquesisk, mangarevansk og tuamotuisk) og språk på Australøyane. Det er også i slekt med ratotongisk, maori og hawaiisk, og fjernt med malayisk, tagalog og gassisk.

Skriftspråk endre

Eit skriftspråk for tahitisk blei først utvikla rundt 1800, då den europeiske misjonæren Henry Nott frå skipet «Duff» samarbeidde med kong Pōmare II om å omsetja Bibelen til tahitisk. Ein nytta 5 vokalar og 9 konsonantar for å skriva språket, og dette danna utgangspunkt for tahitisk rettskriving.

Alfabet endre

bokstav namn uttale
IPA
a ’ā /a/, /ɑː/
e ’ē /e/, /eː/
f /f/ blir bilabial [ɸ] etter o og u
h /h/ blir [ʃ] (sj-lyd) etter i og før o eller u
i ’ī /i/, /iː/ kan bli diftonge ai i nokre ord, som rahi
m /m/
n /n/
o ’ō /ɔ/, /oː/
p /p/
r /r/ alveolar tremulant
t /t/
u ’ū /u/, /uː/ kraftig lepperunding
v /v/ blir bilabial ([β]) etter o og u
’eta /ʔ/ glottal plosiv ved byrjinga av ei staving
 
Eu haere ia oe ('Kvar skal du', 1893) av Paul Gauguin. Teksten står nedst til venstre i biletet.

Tahitisk i kunst endre

Kunstnaren Paul Gauguin brukkte tahitisk som namn på fleire måleri, som I Raro te Oviri ('Under pandanustreet'), Manao Tupapau ('Sett av daude ander'), Te arii vahine ('Kona til kongen'), Hina tefatou ('Månen og jorda') og så bortetter. Han skreiv også inn tahitiske tekstar på mange av bileta sine,

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Institut statistique de Polynésie française, Recensement général de la population de 2007 : Langues [1]. Oppgjeve av Fransk Wikipedia.
  2. Ethnologue
  Denne språkartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.