Maorifalk

fugleart
Maorifalk
Foto: Andrew Mcmillan
Foto: Andrew Mcmillan
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Underfamilie: Falconinae
Slekt: Falco
Art: Maorifalk F. novaeseelandiae
Vitskapleg namn
Falco novaeseelandiae

Maorifalk (Falco novaeseelandiae) er ein medlem av falkefamilien og endemisk for New Zealand. Dette er ein rask rovfugl med kjappe vengeslag som òg kan glidefyge.

Maorifalkar viser kjønnsdimorfisme i storleik, hofuglar er størst, 47 centimeter og veg om lag 500 gram. Hannar er 43 cm og 300 g. Eit vaksent individ har overside i mørkbrunt til blåleg svart med svake brungule tverrstriper, strupe og brystet har kvite flekker. Buken går over i raudbrunt over tarsen og undergumpen er raudbrun. Dei har ein tydeleg, mørk mustajeflekk frå nebbrota og ned mot en elles lys hals. Nebbet er svart, men grått mot basen, cere (vokshud på overnebbet), tarsen og beina er gule. I flukt viser dei lys underside av vengene med mørke striper og mørk vengetupp. Ungfuglar er langt mørkare, flekker og striper manglar eller er utydelege.

Maorifalk har ikkje underartar, men det finst tre variantar innanfor populasjonen, med skilnadar både i storleik, farger og føretrekt habitat.

Maorifalkar er utbreidde over store delar av New Zealand, men falken er ikkje vanleg hekkefugl i nordlegaste halvdel av Nordøya. Han finst òg på Stewart Island/Rakiura og på Auckland-øyane.

Reiret er ei enkel skrape i bakken på ei fjellhylle, eller under ein stein i ei bratt skråning, eller i eit tre med Astelia. Reiret kan jamvel ligge på bakken skjult under eit nedfalle tre. Hoa legg typisk tre egg i september til desember. Paret rugar på skift i periodar på ein til fire timar, total rugetid er ca. 30 dagar. Etter ytterlegare 32 til 35 dagar er ungane flygedyktige. Maorifalkar er aggressive når dei forsvarer reirområdet.

Føda består hovudsakleg av småfuglar og små pattedyr, men dei kan òg fange større fuglar som taremåse som kan ha ei vekt på eit kilogram.

IUCN reknar denne arten som nær trua. Populasjonen er estimert til 3 500-15 000 individ og er truleg minkande.[1] Rydding og hogst av Podocarpus-skog har redusert hekkebiotopar og antatt ulovleg jakt har medverka til å true bestanden.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff endre