Maoristormsvale

fugleart
(Omdirigert frå Maoristormsvala)
Maoristormsvale
Foto: Wikipedia-brukar: Aviceda
Foto: Wikipedia-brukar: Aviceda
Status
Status i verda: CR Kritisk truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Fregetta
Art: Maoristormsvale F. maoriana
Vitskapleg namn
Fregetta maoriana

Maoristormsvale, Fregetta maoriana, tidlegare Oceanites maorianus,[1] er ein liten sjøfugl i oseansvalefamilien Oceanitidae. Arten var antatt å vere utdøydd etter 1850, men ein serie av observasjonar frå 2003 fram til i dag indikerer nærvære av ein tidlegare ukjend koloni.[2][3] Per 2010 har arten status 'kritisk trua' på IUCN raudliste. Han har til tider vore vurdert som ein underart av, eller endå ein variant av oseanstormsvale, O. oceanicus, men er eit ganske distinkt artstakson. DNA frå prøvene i musea i England og Frankrike har samsvar med prøver frå fuglar funne i HaurakigolfenNordøya på New Zealand.[4] Undersøkinga tyder òg på arten truleg er meir i slekt å stormsvaler i slekta Fregetta enn i Oceanites.[5]

Skildring endre

Maoristormsvala er ein liten sjøfugl, og mellomstor stormsvale, ca. 17 cm. Ho har mørkebrun til svart overside, med unntak av kvit overgump. Undersida er svart frå halsen til brystet, med kvit buk som har svart strekar, og føtene er prosjektert langt bak halen. Maoristormsvala skil seg frå den meir vanlege stormsvalearten funnen på New Zealand, oseanstormsvala, ved det bleike, øvre vengbandet, kvit buk med striper, smalt kvitt område på undervengene, lengre bein, og mørkare symjehud.

Utanfor hekkesesongen lever maoristormsvala pelagisk, langt til havs, og dette, saman med dei bortgløymde hekkeplassane dei nyttar, gjer det vanskeleg å observere fuglen.

Gjenoppdaginga endre

 
Maoristormsvale fotografert i Haurakigolfen, New Zealand i 2005
Foto:

Dei første indikasjonane på nærvære av maoristormsvala kom den 25. januar 2003 nær Mercury Islands utanfor Coromandelhalvøya på Nordøya, og skildringar vart publisert i ein artikkel. Medan ornitologar jakta etter svartbukstormsvaler og fregattstormsvaler den 17. november same året, fekk dei gode bilete og videoar av 10 til 20 i maoristormsvaler utanfor Great Barrier og Hauturu/Little Barrier Island i Haurakigolfen. Ved årsskiftet 2005 2006 fekk tre maoristormsvaler festa radiosender på seg. Rørslene blei berre spora til havs og arbeid med å finne hekkeplassen til fuglen har so langt vore mislukka. Dei mest sannsynlege hekkeplassane ligg innanfor Haurakigolfen. Ornitologar har jamleg sett desse fuglane i Haurakigolfen etter 2006.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. The Clements Checklist of Birds of the World Updates & Corrections - Sept 2012 (Om side 699)
  2. Flood (2003). «The New Zealand storm-petrel is not extinct». Birding world 16: 479–483. 
  3. «NZ seabird returns 150 years on». BBC News. 24 December 2003. 
  4. Woulfe, Catherine (25. september 2011). «Big flap over little dead bird». Stuff.co.nz (New Zealand). Henta 25. september 2011. 
  5. Robertson Bruce, Brent M. Stephenson & Sharyn J. Goldstien (2011). «When rediscovery is not enough: Taxonomic uncertainty hinders conservation of a critically endangered bird». Molecular Phylogenetics and Evolution. doi:10.1016/j.ympev.2011.08.001.