Opna hovudmenyen

Marcel Desailly

fransk fotballspelar

Marcel Desailly (fødd 7. september 1968) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Accra i Ghana. Han var med på å vinne VM 1998 og EM 2000 for Frankrike. Mellom 1993 og 2004 spela han 116 landskampar og skåra tre mål. Både i 1993 og 1994 vann han Meisterligaen, fyrst for Olympique Marseille og så AC Milan. Han spela midtstoppar og var kjend for sin kontante spelestil.

Marcel Desailly
MarcelDesailly.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Marcel Desailly
Fødselsdato 7. september 1968 (51 år)
Fødestad Accra i Ghana
Høgd 1.85 m
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986-1992 Nantes 162 (5)
1992-1993 Marseille 47 (1)
1993-1998 Milan 137 (5)
1998-2004 Chelsea 158 (6)
2004-2005 Al-Gharafa 28 (6)
2005-2006 Qatar 7 (0)
Totalt 539 (23)
Landslag
1993-2004 Frankrike 116 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Desailly starta som profesjonell fotballspelar i Nantes i 1986, og spela for barndomsklubben til våren 1992. Sesongen 1992/93 var han med på Olympique Marseilles største triumf, siger i Meisterligaen. Han vart deretter overført til italienske AC Milan, der han spela til sommaren 1998. Allereie i sin fyrste sesong med Milan verte han seriemeister for den italienske storklubben og han opplevde å vinne meisterligaen for andre året på rad. Også i 1996 vart han italiensk serievinnar.

Straks føre fotball-VM i Frankrike sommaren 1998 signerte Desailly for Chelsea FC for 4,6 millionar engelske pund. I Chelsea vart han etter ei tid kaptein og utgjorde eit solid midstoppar-par saman med landsmannen Frank Lebœuf. Mai månad 2000 leia han Chelsea til siger i FA-cupen. Sommaren 2004 gjekk han over til Qatar SC der han i 2005 vann si siste meisterskapsmedalje. Han la opp hausten 2005.

LandslagsspelEndra

Desailly debuterte for Frankrike i august 1993, og deltok i si fyrste store turnering under EM 1996 i England. To år seinare var han sentral då Frankrikes landslag vart verdsmeister på heimebane, der han forresten vart utvist etter 68. minuttar i finalen som Frankrike vann med 3-0 over Brasil. Suksessen heldt fram då han og Frankrike vann EM i fotball 2000 med finalesiger over Italia. Då kapteinen Didier Deschamps takka for seg etter meisterskapen, tok Desailly over som kaptein for landslaget. Etter europameisterskapen 2004 var over og med 116 landskampar avslutta han si tid på landslaget, den gongen med fleire landskampar enn nokon annan franskmann.

MerittarEndra

  • VM-gull 1998 for Frankrike
  • EM-gull 2000 for Frankrike
  • Vinnar av Meisterligaen 1993 med Olympique Marseille
  • Vinnar av Meisterligaen 1994 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1994 og 1996 med AC Milan
  • Engelsk cupmeister 2000 med Chelsea FC
  • Katarisk seriemeister 2005 med Qatar SC

KjelderEndra