Margery Allingham
Margery Louise Allingham (20. mai 1904–30. juni 1966) var ein britisk forfattar som hovudsakleg skreiv krimlitteratur og er mest kjend for romanane sine og noveller om problemløysaren og eventyraren Albert Campion.
Margery Allingham | |
Pseudonym | Maxwell March |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 20. mai 1904 Ealing |
Død |
30. juni 1966 (62 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, redaktør |
Sjanger | mysterieforteljing, detektivforteljing |
Medlem av | The Detection Club |
Far | Herbert Allingham |
Mor | Emmie Allingham |
Ektefelle | Youngman Carter |
Margery Allingham på Commons |
Liv
endreBarndom og skulegang
endreMargery Allingham blei fødd i Ealing i London i 1904, i ein litteraturinteresserekke familie. Begge foreldra hennar var forfattarar, og ei tante var tidsskriftredaktør. Familien flytta seinare til Layer Breton i Essex, der ho gjekk på skule. Seinare gjekk ho på Perse High School for girls i Cambridge. Ho skreiv forteljingar allereie då. Ho selde si fyrste forteljing då ho var åtte; denne blei trykt i tidsskriftet til tanta hennar.
Ho vende tilbake til London i 1920 for å gå på Regent Street Polytechnic og studera drama og talekunst for å bøta på stamminga si. Det var her ho møtte den komande ektemaken sin, Philip Youngman Carter.
Tidlege verk
endreDen fyrste romanen hennar, Blackkerchief Dick, kom ut i 1923 og skal ha vore basert på ei historie Allingham høyrde under ein seanse. Allingham sine verk fortsette å innehalda okkulte element. Boka blei ingen suksess, så ho prøvde å skriva fyrst skodespel og sidan ein seriøs roman, men innsåg at temaa ikkje passa til den naturlege lette tonen hennar, og bestemte seg for å skriva kriminalsoger i staden. Den fyrste krimromanen hennar, The White Cottage Mystery, var ein føljetong som kom ut i Daily Express 1927.
I 1928 gifta ho seg med Carter, som òg samarbeidde med henne om bøkene; han formgav mellom anna omslag til dei. Dei busette seg ved utkanten av marskområda i Essex.
Suksess
endreGjennombrotet hennar kom i 1929 med The Crime at Black Dudley, ein roman som presenterte lesarane for Albert Campion som bifigur. Den amerikanske forleggjaren hennar lykkast i å få henne til å gje han ei større rolle i De sju visslarna (1930). Med tre romanar og ein sterk hovudperson i baggasjen starta ho ein suksessrisk serie romanar om Campion, som fortsette langt inn i 1960-talet. Til saman blei det 19 romanar og over 20 noveller om Campion.
Campion er ein mystisk overklassefigur som verkar både på regjeringsnivå og i underverda, saman med tenaren sin, den tidlegare tjuven Magersfontein Lugg. Som rollefigur endrar han seg gjennom serien: Han blir forelska, giftar seg, får barn og blir meir vaksen etter eventyra den fyrste tida.
Seinare bøker blei meir eksperimentelle. I The Tiger in the Smoke (1952) blir til dømes Campion ein bifigur (igjen), og fokuset hamner mindre på gåta og meir på seriemordaren Jack Havoc.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Margery Allingham» frå Wikipedia på svensk, den 20. mai 2023.