Margreth Olin Mykløen (fødd 16. april 1970) er ein norsk filmskapar kjend under namnet Margreth Olin.

Margreth Olin
Fødd 16. april 1970 (50 år)
Stranda
Yrke filmregissør, manusforfattar, filmprodusent

Margreth Olin er frå StrandaSunnmøre. Ho tok grunnfag i media og massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen i 1990 og studerte deretter medie, journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda fram til 1994.

Ho er kjend for å ta opp sosialpolitiske tema i filmane sine, og kallar ofte fram sterke kjensler. Ho er mellom anna inspirert av den kontroversielle dokumentarskaparen Frederic Wiseman og skaparen av dogmefilmen, Lars von Trier.

VerklisteEndra

  • I kjærleikens hus, 1995 (om eit mottak for slakteriavfall)
  • Onkel Reidar, 1997 (om onkelen til Margreth Olin, som har Downs syndrom)
  • Dei mjuke hendene (om korleis eldre lever på ein sjukeheim)
  • Fråtseri, kortfilm, del av De 7 dødssyndene, 2000
  • Kroppen min, 2002 (om tilhøvet til sin eigen kropp)
  • Ungdommens råskap, 2004 (om tilhøva i ein tiandeklasse i ein norsk skule)
  • Lullaby (2006)
  • Engelen (2009)

UtmerkingarEndra

Margreth Olin var festspelkunstnar på Dei nynorske festspela i 2003.

PrisarEndra

BakgrunnsstoffEndra