Aamot-statuetten
(Omdirigert frå Aamotstatuetten)
Aamot-statuetten er ein filmpris som vert utdelt av Film&Kino (tidlegare Kommunale Kinematografers Landsforbund) for god innsats innan norsk filmproduksjon. Prisen er oppkalla etter Kristoffer Aamot (1889—1955).
Vinnarar
endre- 1955 direktør Kristoffer Aamot (post mortem), regissør Tancred Ibsen, skodespelar Alfred Maurstad og regissør Kåre Bergstrøm
- 1956 skodespelar Joachim Holst-Jensen
- 1957 regissør Arne Skouen, produsent Per Høst og disponent Rolf Stranger
- 1959 skodespelar Wenche Foss og Henki Kolstad
- 1961 fotograf Ragnar Sørensen, produsent Rasmus Breistein, disponent Kirsten Sonberg og kontorsjef Rolf Hofmo
- 1962 skodespelar Inger Marie Andersen og Toralv Maurstad
- 1964 regissør Nils-Reinhardt Christensen og overrettssakførar Georg Resch
- 1967 produsent og regissør Ivo Caprino, produsent og komponist Egil Monn-Iversen
- 1970 filmfotograf Mattis Mathiesen
- 1973 forfattar Sigurd Evensmo
- 1974 regissør Arnljot Berg og skodespelar Arve Opsahl
- 1975 ekspedisjonssjef Gunnar Germeten og skodespelar Carsten Byhring
- 1976 regissør Knut Andersen og skodespelar Ingerid Vardund
- 1977 filmfotograf Odd Geir Sæther
- 1980 skodespelar Espen Skjønberg
- 1982 filmregissør Anja Breien
- 1983 Lübeck by
- 1985 Svend Wam og Petter Vennerød, samt Ola Solum
- 1987 filmfotograf Erling Thurmann-Andersen
- 1988 produsent John M. Jacobsen, Filmkameratene
- 1990 filmfotograf Philip Øgaard
- 1991 skodespelar Bjørn Sundquist
- 1992 komponistane Geir Bøhren og Bent Åserud
- 1995 Kortfilmfestivalen
- 1997 regissør Berit Nesheim
- 1998 regissør og produsent Sigve Endresen
- 1999 forfattar Lars Saabye Christensen
- 2000 skodespelar/regissør Liv Ullmann
- 2001 filmregissør Knut Erik Jensen
- 2002 skodespelar Jørgen Langhelle
- 2003 filmregissør Margreth Olin
- 2004 filmregissør Bent Hamer
- 2005 kinosjef i Tromsø, Hans Henrik Berg
- 2006 filmfotograf John Christian Rosenlund
- 2007 manusforfattarane Eskil Vogt og Joachim Trier
- 2008 filmfotograf Harald Paalgard
- 2009 filmkritikarane Per Haddal og Pål Bang-Hansen
- 2010 filmregissør Hans Petter Moland
- 2011 førsteamanuensis Gunnar Strøm
- 2012 Turid Øversveen og Karin Julsrud
- 2013 filmregissør Arild Østin Ommundsen [1]