Mari Maurstad

norsk skodespelar

Mari Maurstad (fødd 17. mars 1957 i Oslo) er ein norsk skodespelar frå Oslo.

Mari Maurstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1957 (67 år)
Oslo
Yrke skodespelar, skribent, stemmeskodespelar
Språk norsk
Far Alfred Maurstad
Ektefelle Aage Kvalbein
Mari Maurstad på Commons

Karriere endre

Maurstad debuterte på Den Nationale Scene i Bergen 1977 i Kvinner av Claire Booth, medan den fyrste større rolla hennar var som Cordelia i Kong Lear av Shakespeare i 1978.[1] Frå 1977 til 1980 var ho tilsett ved Den Nationale Scene.[1] Ho vart fast tilsett ved Nationaltheatret i 1981.[1] Ho har i tillegg medverka i mange ulike fjernsynsprogram og dubba ei rekkje teiknefilmar.

I 2008 vann ho Heddaprisen for tolkinga si av Miss Lamont i Singin' in the RainOslo nye teater.

Dubberoller endre

For Disney er ho best kjent som røysta til Dolly Duck og Ole, Dole og Doffen i ulike norske Disney-produksjonar[2] og til Shenzi i The Lion King.[3]

Familie endre

Ho er dotter av Alfred Maurstad og halvsyster til Toralv Maurstad og gift med musikaren Aage Kvalbein.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Mari Maurstad». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  2. Møller, Jonas (25. oktober 2022), «Mari Maurstad avslører sannheten - etter Maskorama-spekulasjonene: "Spennende å se..."», Newsner Norsk, henta 11. februar 2024 
  3. «Mari Maurstad», Norske Dubber Wiki (på norsk bokmål), henta 11. februar 2024